Meld deg på her: Vegkryss 2026 påmelding – Fyll ut skjema
Påmeldingsfrist: 17. juni
Etterpåmelding 14. august (ikkje garantert overnatting eller førsteval på seminarar)
På Vegkryss samlast ungdom frå heile Bjørgvin bispedøme for å bli inspirert, utfordra og kopla saman i tru og engasjement. Dette er ei helg for fellesskap, refleksjon og nye idear – der du får møte andre ungdomar som bryr seg om det same som deg.
Kva skjer?
To dagar stappfulle av opplevingar – her er noko av det du kan gle deg til:
Fellessamlingar med band og allsang
Engasjerande og kjekke workshops
Samtalar om tru og livet – ekte, ærlege og opne
Inspirasjon til ungdomsarbeid – ta med deg idear heim til kyrkjelyden din
Kven er det for?
Vegkryss er for deg som:
Går på vidaregåande skule eller er eldre
Har ein funksjon eller er deltakar i ungdomsarbeidet i kyrkja di.
Eller er med på MILK, REACTION eller anna opplegg for 10. klasse
Tid og stad
Dato: 29.–30. august 2025
Stad: St. Jakob kirke, Bergen
Overnatting: Scandic Ørnen
Pris:
Kr. 500 for delegatar til ungdomstinget
Kr. 700 for andre deltakarar
Førkveld (for dei med lang reiseveg)
Har du lang reiseveg? Då kan du sjekke inn allereie fredag kveld og delta på førkveld med pizza og sosialt program i eige lokale nær hotellet – ein fin måte å bli kjend før konferansen startar!
Tid: Fredag kl. 19.30
Stad: TBA
Ungdomstinget
Ungdomsrådet i Bjørgvin bispedøme kallar inn til Ungdomsting 2026 samstundes som konferansen. Kvar kyrkjelyd kan sende to delegatar til ungdomstinget.
Ungdomstinget vil gå føre seg medan dei andre deltakarane deltek på ulike workshops. Saker og saksdokument til ungdomstinget blir sende ut når dei er klare.
Tid: Laurdag kl. 13.00–17.00
Stad: TBA
Sjå reglar for ungdomsdemokratiet i Bjørgvin bispedøme (nederst på sida) for meir informasjon.
Meld deg på her: Vegkryss 2026 påmelding – Fyll ut skjema
Påmeldingsfrist: 17. juni
Etterpåmelding 14. august (ikkje garantert overnatting eller førsteval på seminarar)