Trandalrock

Trandalrock 2020/2021 er flytta til 10.-11. juni 2022.

Alle artistane er positive og løysningsorienterte, og klare for neste år!

Same tid, same stad, same fantastiske program!

Billettane gjeld sjølvsagt for Trandalrock 2022!

Det er viktig å ha noko å sjå fram til og glede seg til. No har vi eit heilt år på å glede oss!

Hald ut, hald dokker friske og ta vare på kvarandre ❤️


TRANDALROCK, ein liten unik musikkfestival med ROCK i fokus!

Med Christian Gaard som samarbeidspartner og Trandal som perfekt festivalområde, låg alt til rette for ein suksess.

Takka vere ALLE DOKKER som var med på å gjere Trandalrock 2017, Trandalrock 2018 og Trandalrock 2019 til fantastiske dagar/kveldar/netter, og dei utelukkande positive tilbakemeldingane frå dokker, er no TRANDALROCK klar for runde 4!

Fleire band frå nært og fjernt er ivrige og vil kome og vere med oss på Trandalrock 2020. Neste år, som tidlegare år, vil vi ha ein mix mellom dyktige artistar, "tighte" rockeband og rå musikk her i frå fjordane på Vestlandet, og fleire erfarne, energiske og spennande band utanfrå.

Vi oppfattar at lokale band og støttespelarar er like positive som før årets festival, og det er fantastisk å oppleve så mykje goodwill blandt folket i bygdene våre!

Vi gleder oss til mange gode musikkopplevingar og god stemning!

Vi sjåast på TRANDALROCK!


Trandalrock på Facebook


Trandalrock 2020/2021->2022, Facebook


Trandalrock på Instagram


Trandalrock 2019, facebook


Trandalrock 2018, facebook


Trandalrock 2017, facebook