Artistar

Hr. smiths venner


Hr. Smiths Venner er eit Oslo-basert hyllestband til Joachim «Jokke» Nielsen, som leverer dei udødelege klassikarane hans med energi, tempo og speleglede.

I dei åra bandet har holdt på har dei spelt over 100 konsertar på forskjellige konsertarenaer, utandørsscener, pubar og utestadar rundt omkring i Noreg.

Blod, svette og øl renn i strie straumar når bandet sine fem medlemar hamrar grundig laus på Jokke sin katalog, og publikum er garantert å forlate lokalet med eit smil om munnen!

Kom og dans på deg brokk og beinbrudd mens Hr. Smiths Venner byr opp til haraball. Det blir garantert ein kveld ein seint gløymer!

Hr. Smiths Venner består av Jørn Brekke (vokal), Øystein Bjørkelo (gitar), Thor B. Gundersen (gitar), Anders Nesset (bass) og Magnus Lillejordet (trommer).

http://www.hrsmithsvenner.no/

https://www.facebook.com/hrsmithsvenner/

https://www.youtube.com/watch?v=ugGB0zaJTAs








RED MOUNTAINS

Red Mountains frå Trondheim spelar psykedelisk stoner rock, og musikken deira har vorte godt tatt imot av publikum og anmeldarar, heilt frå Noreg via Europa til Japan.

Deira andre fullengder "Slow Wander" vart utgitt på All Good Clean Records 1. september 2017. Albumet er produsert av Per Borten, kjent frå band som Spidergawd, Cadillac og Moving Oos.

Bandet har sidan debutplata i 2015 blant anna spelt på Pstereo, Trondheim Calling og MONO. Bandet starta i 2013 og har medlemar frå Volda, Tolga, Dovre og Finnsnes med base i Trondheim.

"Red Mountains are at their best when the distortion’s dialled back and the psychedelia takes hold, but their schizophrenic nature is all part of their charm.." 7 av 10 Metal Hammer UK

https://www.facebook.com/redmountainsband/?fref=ts

https://redmountains.bandcamp.com/music

https://open.spotify.com/artist/1eRiAdIHis6ynPceZE9rhP

skapsmak

Bandet hadde sin første konsert under påskerock i 2017. Sidan dette har Skapsmak vore i Oceans Sound Recordings på Giske og spelt inn debutlåta «Kom å ta mej». Etter kun 1 mnd på nettet har musikkvideoen til låta vorte spel over 100 000 gongar på Facebook. 03. januar vart også «Kom å ta mej» lista på NRK Møre og Romsdal. Bandet spelar variert rock og har store ambisjonar for framtida.

Å få spele på Trandalrock er ei stor ære og dei håpar at monge frå regionen vil kome til Trandal for og oppleve bandet live.


Link til video, «Kom å ta mej»:

https://www.facebook.com/skapsmak/videos/311494109349122/

https://www.facebook.com/skapsmak/?fref=ts

Pikekysz

Bandet har nettopp vore i studio saman med sin nye gitarist, Jarl Ringstad Krohn, og snart kjem dei med ein ny singel! Før sommaren slepp dei også ein lengre EP.

Vi som har hørt Pikekysz live veit at vi har mykje å glede oss til når bandet går på scena på Trandal. Med stemma til Mariann Humberset fremst og med resten av Pikekysz i ryggen, vil dei gi alt på scena og skape magisk stemning mellom fjella på Trandal!


https://www.youtube.com/watch?v=R-ij9UfgB9g&app=desktop

https://open.spotify.com/search/results/pikekysz

https://www.facebook.com/Pikekysz-1680547922222185/?fref=mentions

Autokarma

Rockebandet Autokarma fikk nasjonal oppmerksomhet allerede i 2010 da de var med på humorprogrammet Storbynatt på NRK. Dette resulterte i konsertvirksomhet på Østlandet, samt to EP-utgivelser, Fare fare krigsmann (2012) og Hel (2015).

Bandet, som av mange blir karakterisert som en krysning mellom Seigmen og Dumdum Boys, fikk igjen vind i seilene etter at Emil Valhalla Meek gikk ut til låten Fare fare krigsmann i sin første UFC-kamp i 2016, noe som også resulterte i TV-opptredener på TV2.

Med mørkets gudinne Hel med på laget og krigeren fra Valhall med på gitar har bandet nå klart å skaffe seg en vegg av gitarlyd og et sceneshow fullt av energi. De har gitt ut to singler, Under kniven (2017) og Nå kommer stormen (2018), og er klare for å vise sine tunge riff og sin energiske rock for det ganske land.

Og stormen blåser bort siste rest.


https://www.facebook.com/autokarma/

https://open.spotify.com/search/songs/Autokarma

Svelekameratane

Svelekameratane er eit spetakkel av eit band som spelar fandenivoldsk lett nynnbar rock'n roll med høg allsongfaktor.

Karane frå Eid spelar heimesnekra rock‘n roll med humoristiske tekstar på dialekt. Svelene har i mange år vore Malakoff Rockfestival sitt faste husband der dei har servert heidundrandes og energiske konsertar.

Dei har gitt ut 2 cd'ar (Delvis skya oppholdsveir) (Live på fabrikken) og en EP (Tegnestiften). Dei er óg aktuelle med nye singlar på Spotify, Tidel og Itunes.


https://www.facebook.com/Svelekameratane-165279073540986/

https://open.spotify.com/search/songs/svelekameratane