Maria Montessori
Hos Hildre Montessoribarnehage ønskjer vi å skape eit miljø der kvart barn kan utforske, lære og vekse i sitt eige tempo. Vi trur på barnet sin eigen drivkraft og nysgjerrigheit – den indre viljen til å prøve, feile, oppdage og meistre. Her er dei vaksne ikkje til for å gjere alt for barna, men for å støtte, observere og leggje til rette for opplevingar som gjer at barna kjenner mestring og tryggleik kvar dag.
Maria Montessori (1870–1952) var ein italiensk lege, pedagog og forskar. Ho var ei pioner innan barns utvikling og utdanning, og såg kor viktig det var å gi barn moglegheit til å lære gjennom eigen aktivitet og erfaring. Montessori utvikla ein pedagogikk som følgjer barnet frå dei første små stega til dei blir store, med vekt på sjølvstende, konsentrasjon, respekt og sosial forståing. Ho meinte at barnet har ein naturleg drivkraft til å lære, og at vaksne sin rolle er å leggje til rette for denne læringa – ikkje å styre den.
Montessoripedagogikken i praksis:
I eit nøye tilrettelagt miljø finn barna aktivitetar som speglar deira interesser og utviklingsnivå. Materiellet står tilgjengeleg i deira høgde, og barna får sjølve velje kva dei vil halde på med. Frå dei aller minste, som lærer gjennom sansane sine, til dei eldre barna som får fordjupe seg i språk, matematikk eller kreative prosjekt – alt er laga for å byggje vidare på det barnet allereie kan, og det neste steget i læringa.
Her får barna:
Fridom til å velje – Å kunne bestemme over eiga læring gir ei kjensle av meistring og ansvar.
Læring gjennom hendene – Alt materiell er sensorisk, og barna lærer ved å ta på, lukte, smake og samanlikne.
Mestring og sjølvstende – Gjennom tilrettelagde oppgåver og prosjekt opplever barnet korleis det kan løyse utfordringar på eiga hand.
Del av noko større – Vi legg vekt på å forstå samanhengar i verda, frå natur og økologi i vår grønnsakshage og insektshotell, til respekt for andre menneske og kulturar.
Montessoripedagogikken legg til rette for at barna får dekt sine behov for leik, læring og utvikling, samtidig som dei får utløyse si indre nysgjerrigheit og skaparlyst. Vi ønskjer at barna skal vekse opp med ein sterk kjensle av eigen verdi, respekt for andre og lyst til å bidra positivt til samfunnet rundt seg.