Hildre Montessoribarnehage
Montessori-reisa på Hildre skal gi barna ei heilskapleg Montessori-oppleving frå barnehage til ungdomsskule, der kvart barn får moglegheit til å dyrke lærelyst, utvikle sjølvstende og bli motstandsdyktig.
Vi tilbyr eit pedagogisk løp som fremjar nysgjerrigheit, problemløysing og samarbeid, og som skapar eit miljø der barna trivst, lærer å samarbeide og byggjer sjølvtillit, sjølvstende og motstandskraft.
I vår lille, nære barnehage har barna god tid til å utforske, leike og lære i sitt eige tempo. Omgitt av natur og trygge vaksne, møter dei kvardagar med ro, glede og nysgjerrigheit.
Målet vårt er at kvart einskild barn skal oppleve meistring i kvardagen, og kjenne seg sett, høyrt og verdifullt i eit inkluderande, stimulerande og lærande miljø. Her får barna moglegheit til å vekse, lære og oppdage verda rundt seg på ein måte som styrkjer både sjølvstende og fellesskap.
Hos oss betyr Montessori å sjå kvart einskild barn, støtte sjølvstende og skape rom for naturleg utforsking – i eit miljø som er roleg, forutsigbart og rikt på læring.
Avdeling for dei yngste barna. Her legg vi vekt på trygg tilknyting, forutsigbare rutinar og ein varm atmosfære. Fokus er på sjølvstende, konsentrasjon, motorikk og språk gjennom leik og utforsking.
Avdeling for dei eldre barna, her får barna rom for sjølvstende, vennskap og meistring i kvardagen. Dei får tilpassa aktivitetar, tid til fordjuping og støtte i språk, kreativitet og sosial utvikling.
"Når man kommer inn, merker man roen med en gang – barna smiler, leker og føler seg trygge. Her kan de være kreative, utforske og bare ha det gøy sammen."
— Anders B. (Forelder i Barna sitt hus)
"Jenta vår på barna sitt hus finn roa og brukar tid på arbeidet sitt. Ho får bruke kreativiteten sin og utforske i sitt eige tempo."
— Malin B. (Forelder i Barna sitt hus)
"Vi er svært fornøyde med barnehagen vår. Jenta vår stortrivast og ho har utvikla mykje sjølvstende, noko vi ser mykje av i kvardagen Eit trygt, varmt miljø med dyktige ansatte – som vi varmt, kan anbefale vidare!"
— Andrea L. (Forelder i Barna sitt hus)
Hos Hildre Montessoribarnehage ønskjer vi at kvardagen skal vere enkel og oversiktleg for både barn og føresette. Her finn du viktig informasjon om opptak, betaling og søknadsprosess.
Vil du søkje barnehageplass?
Søk barnehageplass – finn informasjon om opptak og ledige plassar.
Kommunen sin barnehageside – meir informasjon om barnehagetilbod i Haram kommune.
Har du krav på redusert opphaldsbetaling? Les meir og send inn søknad her.