DinSport med Arne Mo i spissen opna dørene i Førde 26. Februar 1987. Med 37 år historie, blodslit, lidenskap, samarbeid og makelaus optimisme på å drive draumen. Er DinSport verkeleg ein lokal sport og friluftsliv butikk, med kvalitet i alle ledd. Den stygge Andungen ynskjer å ha ein lokal profil, derfor var DinSport ein naturleg samarbeidspartnar for oss. Dei stiller som sponsor med gåvekort og flotte premiar til 1. 2. 3. plassen i Herre og Kvinneklassen. I tillegg trekke vi ut 6 premiar blant alle dei andre deltakarane.
Tusen takk til Din Sport!
Den stygge andungen ultraløp har inngått eit samarbeid med Fueled Up!
Produkta blir brukte av fleire kjende sykkellag, det norske triatlonlandslaget, Allan Hovda og mange norske ultraløparar. Med fokus på lange økter og krevjande konkurransar er desse produkta perfekt tilpassa ultraløparar.
«Fueled Up er Norges nye og eneste distributør av sportsernæring fra Precision Fuel & Hydration. På fueledup.no finner du produkter som gels, chews og elektrolytter – alt med nøytrale smaker og utviklet av eksperter innen sportsernæring.»
Den stygge Andungen vil rette ei stor takk til Sogn og fjordane energi, som blir med som sponsor! Kvart einaste år samarbeider SFE med fleire titals lag, organisasjonar og arrangement i Sogn og Fjordane, dei fleste frå regionen som utgjer grunnfjellet i verksemda vår. SFE er glade for at vi kan bidra til vekst og utvikling, og sjølv veks og utviklar vi oss som selskap i samspel med folk rundt oss. Saman har vi drivkrafta til å gjere lokalsamfunna våre til ein god stad å bu. Fordi vi er herifrå.
Sindre Haugum grunnla i 2019 "Den stygge Andungen ultra". Han er ein erfaren ultraløpar som hentar inspirasjon frå sitt forbilde, Lazarus Lake. Som grunnleggjar av "Den stygge andungen ultra" og ein som har fullført det krevjande løpet Hornindal rundt fleire gonger, veit han kva som krevst for å halde ut dei lengste distansane. Men sjølv om han måtte "vralte" ut av Xreid før målstreken, veit Sindre – lik ei and – at det ikkje handlar om å gi opp. Han berre padlar vidare under overflata, klar til å kome sterkare tilbake!
Ein glad støttespelar – Enivest AS!
Enivest AS støttar Den stygge Andungen sitt arrangement i Førde. Eit ultraløp, kombinert med ein friluft og aktivitetsdag for store og små ved Bekkjevatnet.
Enivest skal vere ein engasjert samfunnsaktør i nedslagsfeltet vårt, og vi brukar sponsing som eit verkemiddel for å nå dette målet. Sponsorobjekta sin profil skal vere ”for folk flest”. Det skal satsast på breidde framfor smale målgrupper og lag framfor enkelt utøvarar. Barn og unge er ei viktig målgruppe for sponsinga vår.
Sparebanken Norge støttar og heiar fram lag, frivillighet og kultur på vestlandet ♥️.
Det er derfor ei stor glede for Den stygge Andungen å få tildelt midlar frå Ildsjelfondet!
Med støtte gjennom Ilsjelfondet er Sparebanken Vest med å skape ein gratis aktivitet og friluftsdag for store og små ved Bekkjevatnet (Førde) den 8. juni 2025. Meir informasjon om aktivitetsdagen kjem i løpet av desember . #sammengjørvidetbedre
Vi takkar for støtte frå Sunnfjord kommune! Gjennom tilskotsmidlar til arrangement inn mot kultur og idrett.
Fjordprofil er ein viktig samarbeidspartnar for DSA-U. Verdien av lokal kunnskap og samarbeid inn mot markedsføring har stor verdi!
"Vi lager profilering som folk føler seg komfortabel med, i sine faglige roller. Vi kaller det merkevarekalibrering. Når merkevaren og menneskene som bærer merkevaren lærer av hverandre, lykkes vi og dere."
Puls Førde er med som samarbeidspartna og sponsor. Eit lokalt, hardtarbeidande og inkluderande treningssenter. Kom som du er!
"Hos Puls Førde skal du kjenne deg velkommen frå første steg inn døra.
Vi finst for å gjere trening ufarleg, tilgjengeleg og meiningsfull.
For alle som ynskjer å ta vare på si eiga helse, uansett utgangspunkt.
Vi veit at trening ikkje berre handlar om å bli sterkare, men om å ha det bra i kroppen, hovudet og kvardagen.Difor skaper vi trygge, inkluderande rammer der du kan kjenne på meistring, fellesskap og ekte treningsglede."
Takk til Coop Extra Førde, som er med å bidreg med varer til Den stygge Andungen!
"Extra er ein del av Coop, og Coop er eigd av medlemmene – av folk som deg og meg. Vi er opptekne av at alle skal kunne vere i fysisk aktivitet, fordi vi veit kor viktig det er for helsa, både fysisk og psykisk."
Indre sunnfjord turlag har lagt inn Den stygge Andungen i sitt tur-program i 2025. Dei vil vere med å gjere løpsdagen til ein aktivitetsdag for små og store. Vi ser fram mot ei helg fylt med aktivitet for familiar, ungdom og vaksne.
Tusen takk til Vår energi for sponsorbidrag inn mot Den stygge Andungen. Ein av vår(e) større samarbeidspartnarar, som er med å gi energi tilbake til lokalsamfunnet!
Vår energi støtter lokalsamfunn, og har mål om at våre aktiviteter skal skape lokale ringvirkninger og muligheter. Vi vektlegger lokale prosjekter og initiativer som gir aktiviteter og styrker nærmiljøet. Gjennom å støtte lokalsamfunn, ønsker vi å gi noe tilbake – noe som betyr en forskjell for folk.