Løypeprofil for etappe 1 - 4 & 7 - 10. DSA 2026.
Løypeprofil for etappe 5. opp Hafstadfjellet. Den er 4,8 km lang og 420 høgdemeter.
NB! Her manglar den lille runden på Hunsrasta før du spring over brua langs Bekkjevatnet og tar av opp mot Hafstadfjellet.
Løypeprofil for etappe 6. Hafstadfjellet - Langeneset - Hunsrasta, er 6,2 km lang.
Start og mål er på Hunsrasta ved Bekkjavatnet.
Løpet startar kl. 08:00, med felles start kvar heile time i 10 timar.
Etappe 1-4 & 7-10, startar med ei lita runde på Hunsrasta før du spring vidare rundt vatnet. Etappane rundt Bekkjavatnet spring ein annakvar runde med og mot klokka. 1. etappe startar med klokka mot E39. Etappane rundt Bekkjavatnet er i år backyard-distanse på 6,75 km.
Etappe 5 startar med ei lita runde på Hunsrasta før du spring over brua nordover langs Bekkjavatnet. Du spring 2 km langs vatnet før du tar av til høgre oppover mot Hafstadfjellet på markert sti. Den 5. etappen er 4,8 km lang og 420 gode høgdemeter. Du må ta på varden på toppen av Hafstadfjellet innan kl. 13:00.
Etappe 6 startar med felles start frå toppen av Hafstadfjellet kl. 13:00. Du følger grusvegen 1,8 km nedover før du tar av til høgre mot Bekkjavatnet. Følg sti ned til Hunsrasta vidare ut til Langeneset, rundt gapahuken og rundt neset bak gapahuken på natursti. Du spring så tilbake til Hunsrasta og må vere i mål på den 6. etappen innan kl. 14:00.
Den 6. etappen er 6,2 km lang.
Den 10. og siste etappen går rundt Bekkjavatnet, med klokka. Her gjeld det å vere først i mål!
Første mann og kvinne i mål på den 10. etappen er vinnarar av Den stygge Andungen ultraløp 2026!
Totalt er løpet 65 km langt og ca. 780 høgdemeter.
Frå Førde køyrer du sørover på E39 til du får Bekkjavatnet på venstre side. Når du har passert Bekkjavatnet og svingane oppover, og kjem opp på flata, tek du av til høgre på ein større parkeringsplass.
Frå parkeringsplassen kryssar du E39 ti lein mindre parkeringsplass. Det går så ein grusveg (1,9 km) inn til Hunsrasta. Bruk denne turen til å få kroppen i gang inn til Hunsrasta. Ein bil kjem for å hente sekkar og baggar (til avtalt tid) og køyrer dei inn frå parkeringsplassen.
På Hunsrasta har vi enkle partytelt som deltakarane kan nytte, utedo og ei bålpanne vi held liv i. Alt av mat, drikke og anna utstyr må du ta med sjølv. Der er ikkje elektrisitet eller varmestove.