Å byrja i barnehagen

Ei heilt ny verd...

Å byrja i barnehagen er kanskje den største overgangen i livet for mange barn. Difor er vi opptekne av å gjere tilvenningsperioden så god som mogleg!

Barnet vert invitert til å koma på besøk i barnehagen, saman med føresette, i god tid (minimum 1 månad) før det skal byrja i barnehagen. På den måten kan barnet bli vane med både plassen og dei som held til her. Kor mange gonger barnet kjem på besøk handlar ofte mest om kor mykje dei føresette får "kabalen" til å "gå opp", men vi anbefaler at bornet kjem på besøk fleire gonger før det skal byrja i barnehagen.

Vi legg også opp til ein informasjonssamtale med pedagogisk leiar, der praktiske ting rundt barnehagedagen vert gjennomgått, og det er rom for å stilla spørsmål kring det ein måtte lure på.

I tillegg ynskjer vi at føresette skal vere tilstades i større og mindre grad dei første dagane etter at barnet har starta i barnehagen. Vi har ofte praktisert tre slike tilvenningsdagar, men ser at dette er veldig individuelt frå barn til barn, og det heng også saman med i kor stor grad barnet har vore på besøk i barnehagen før det startar opp. Det er vidare viktig at dei føresette har god tid til å både bringe og hente barnet, særleg i den første tida i barnehagen, slik at vi har tid til dialog mellom tilsette og føresette.