Årsplan - Fogn barnehage

Barnehageåret 2018-2019

Godkjent i SU ved Fogn oppvekstsenter, 2. oktober 2018

Om oss

Fogn barnehage er ein del av Fogn oppvekstsenter, som er kombinert grunnskule 1.-7. klasse og barnehage, alt under same tak. Det er ein avdeling i barnehagen, og i år er det 10 born som går her.

Fogn er ei øy i Finnøy Kommune, og det bur omlag 320 personar her. De kan lese meir om øya vår, og det som skjer her, ved å gå nettsida Fogn.org.