Skuledagane ved VUS: Start 08.20 -  slutt 14.00

God sommar!

Då er det klart for å ynskje alle elevar og heimar ein retteleg god sommar.

Velkomen til skulestart i aulaen på nye Volda ungdomsskule måndag 21.august klokka 08.20. I den nye skulen må alle elevar ha innesko. Skuledagen blir avslutta 11.25.


Endeleg er vi klare for årets MGP ved Volda ungdomsskule!

Torsdag 30. mars brakar det laust i Volda Campus Arena, og 12 klasser skal entre Volda si storstove med innslaga sine som dei har jobba iherdig med gjennom veka. Vi kan by på variert innhald og god underhaldning, og vi er nok eit år klare for å lage ein festkveld for bygda.
Barnebillett t.o.m. 15 år.

Velkommen!

Kjøp billett her 



Skulestart

Då er det klart for å ynskje velkomen til skulestart for skuleåret 2022/2023.

Oppmøte i aulaen på Volda ungdomsskule måndag 22.august klokka 08.20.

Vel møtt!

Grand Prix 2022

Torsdag 7. april klokka 17.30, Campus Arena

 

Endeleg har vi forlatt halepartiet av pandemien og kan få feira det 20. arrangementet av MGP ved Volda ungdomsskule! Påska 2001 var første gong, og sidan 2020 vart avlyst heilt, og at vi laga eit alternativt opplegg kalla “Musikkvideo Grand Prix” i 2021 blir dette altså vårt jubileum. 


12 klassar skal entre Volda si storstove med det dei greier å få på plass av underhaldning i løpet av veka. 

Motivasjonsnivået har aldri vore så høgt og vi jobbar på spreng for å få laga ein festkveld for bygda. 

Velkommen!


Kjøp billett her 

Godt nytt år 2022 

Det er skulestart for elevar på VUS tysdag 4.januar kl. 08.20. Vi er framleis på gult nivå, noko som gjer at alle elevar må sprite hender når ein kjem inn og så gå rett til klasseromet sitt utan å stoppe i t.d. vestibyle eller aula.

Minner også om informasjon frå Volda kommune:

For å sikre ein god start på det nye året og sikre ein smittefri skulestart, ber vi om at alle elevar og tilsette tek hurtigtest før dei møter på skule eller SFO når det nye skuleåret tek til.

Regjeringa har kome med oppmoding om at alle tilsette i barnehagar og skular testar seg i samband med skulestart etter juleferien.

Det same gjeld for elevar i grunnskulen. Merk: gjeld ikkje barn i barnehage.

Difor har teststasjonen fylgjande melding:

1: Formålet med at alle tilsette og elevane testar seg, er å fange opp smitte før oppstart.

2: Ta hurtigtest innafor 24 timar før ein går på skule, SFO eller jobb første dag etter ferien.

3: Dei som har hatt Covid-19 siste tre månader skal ikkje ta test.

4: Hurtigtest kan hentast på skulen, dersom ein treng det. Informasjon om henting vil kome frå den enkelte skule.

5: Dersom ein testar positivt på hurtigtest melder ein inn resultatet på Volda kommune sine nettsider. Ein vert då kontakta av smittesporingsteamet. https://www.volda.kommune.no/beredskap/positiv-hurtigtest/

6: Det er VIKTIG at heimane fyl med på helsetilstanden og sjekkar om eleven utviklar symptom i 10 dagar. Ha lav terskel for å teste deg ved milde symptom.

7:Til orientering: https://www.volda.kommune.no/beredskap/  og Ansatte i skoler og barnehager får unntak fra smittekarantene i arbeidstiden - regjeringen.no

https://www.volda.kommune.no/.../testing-for-skulestart...


Det blir utlevering av hurtigtestar  i vestibylen på VUS måndag 3.januar, 14.00 - 15.30.

Elevundersøkinga 2021

Elevundersøkinga gir elevane høve til å seie kva dei meiner om læring og trivsel på skulen. Resultata frå undersøkinga blir lagra og brukte av skular, skuleeigarar og den statlege utdanningsadministrasjonen for å analysere og utvikle skule- og læringsmiljøet til elevane. Data frå undersøkinga kan også bli brukte til forsking, og forskarar kan få utlevert rådata frå undersøkinga. Delar av resultata frå Elevundersøkinga blir publiserte på Utdanningsdirektoratets netteneste Skoleporten (skoleporten.udir.no).
Det er frivillig for elevane å svare på Elevundersøkinga. Elevane kan også starte ei undersøking, og hoppe over spørsmål dei ikkje ønskjer å svare på. Resultata frå Elevundersøkinga kan ikkje direkte knyttast til personar som har svart. Elevane som svarer oppgir ikkje namnet sitt, og det er ikkje knytt personnummer til svara. Når undersøkinga blir avslutta, blir samanhengen mellom påloggingskoden til eleven og svaret broten. 

På Volda ungdomsskule blir undersøkinga gjennomført i veke 50.

Heile informasjonsteksten til føresette finn du her

Information in several other languages

SAMARBEID MELLOM SKULE OG POLITI

Som del av det tverrfaglege samarbeidet mellom skule og offentlege fagetatar, er det etablert eit samarbeid med politi gjennom førebyggjande eining.

Politiet har, som kanskje nokon allereie veit, begynt å oppsøke skular i langfri/matfriminutt. Dette er reint proaktivt førebyggande arbeid, med håp om relasjonsbygging til ungdommar på skulen vår.

Kunnskap om smitte blant barn og unge

Mange foreldre har spørsmål om den aukande smitta og konsekvensane for barn og unge. FHI har nyleg oppsummert kunnskapen dei har om barn og smitte, og du kan lese meir her:

Les mer om smitte blant barn og unge på udir.no 

Nasjonale prøver

Skuleåret er godt i gang og kvar haust gjennomfører vi nasjonale prøver. 8. og 9.klasse skal ha prøver i lesing og rekning, og 8.klasse skal i tillegg ha prøve i engelsk. Vi gjennomfører nasjonale prøver i veke 37 og 38.


Føremålet med nasjonale prøver er å gi skolane kunnskap om elevane sine grunnleggjande ferdigheiter i lesing, rekning og engelsk. Informasjonen frå prøvene skal danne grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsutvikling på alle nivå i skolesystemet.  Meir informasjon om prøvene finn du her: www.udir.no/eksamen-og-prover/prover/nasjonale-prover/om-nasjonale-prover/ 

GOD SOMMAR!

Vi ynskjer alle  ein retteleg god sommarferie og gler oss til å møte nye og gamle elevar i august.
Første skuledag for elevar er måndag 23. august.
Oppmøte i aulaen kl. 08.20.


Trugsmål

I helga fekk Volda kommune melding om to filmar som låg ute på Tik Tok som vart vurdert som trugsmål mot Volda ungdomsskule og Ørsta ungdomsskule. 

 

Volda kommune hadde kontakt med politiet gjennom helga, og fekk melding søndag kveld om at begge brukarane bak innlegga var identifisert, og politiet kjende seg trygge på at det ikkje var reelle trugsmål.


Informasjonsbrev MGP-21.pdf

Informasjon om fråtrekk av fråværsdagar: 

Skal du søkje om fråtrekk av fråværsdagar ? Skjema finn du her. Søknadsfrist 31.mai.

Skal du søkje plass i kulturskulen for skuleåret 2021/2022? Søknadskjema finn du på Volda kommune sine heimesider. Søknadsfrist 1.mai

Ny skuleavis 

Valfag media i 9.klasse har laga skuleavis i påskeversjon. Det er berre å kose seg ved å trykkje HER

Problem med innlogging i Tieto via Volda kommune si heimeside

Det har vore meldt om problem med innlogging i Tieto via lenkja ein kan finne på Volda kommune sine heimesider. Dette problemet er kjent for Tieto og blir jobba med. I mellomtida kan ein logge seg inn her i ein nettlesar. Etter pålogging her skal den vanlege appen fungere også.


https://prod-lcsse.service.tieto.com/WE.Spaces.Web?domain=EduAppNO    


Godt nytt år 2021!

Vi må diverre starte det nye året annleis enn tenkt:

Melding frå avdelingsleiar skule og rektor ved Volda ungdomsskule:

Regjeringa melde i dag om at alle ungdomstrinna skal over på raudt nivå frå og med måndag 4.01.21 og to veker framover. For VUS betyr det mellom anna at vi skal tilbake til om lag 20 elevar i kvar kohort og nokre fleire restriksjonar enn skulen har på gult nivå. For å få dette til på ordentleg vis treng skulen måndag 4.01.21 for å organisere seg.

Elevane på VUS skal ha digital heimeundervisning måndag 4.01.21 og møter kl. 08.20 på google meet. Det vil kome informasjon klassevis i løpet av måndag korleis skuleveka vil sjå ut for elevane. Skyss går som normalt både til og frå skulen i perioden.

 

Valfag media i 8. klasse har laga to flotte digitale skuleaviser!

Desse kan du lese her:

Avis 1

Avis 2

Tieto

Det vert nedetid eller delvis nedetid på foreldreappen i periodar 16. og 25.november, 7. og 16.desember og 25.januar på grunn av oppdateringar.

Frå 25.11 vil dei med IOS-telefonar få beskjed i appen når det er vedlikehald. For andre vil vi prøve å sende ut informasjon om når det vert gjennomført vedlikehald.
Slik informasjonen vil de også finne her på heimesida.

Onsdag 25.november vil det vere nedetid i foreldreappen kl. 19:00 - 23:59.


Melding frå rektor og avdelingsleiar skule 08.11.20:

Måndag skal elevane møte som vanleg på skulen. Ein er ferdig med karantenetid, for dei det gjeld, og heimeskule for denne gong. Vi driv skule på gult nivå. Hugs smittevernreglane og nasjonale råd vi har fått.
NB: berre dei som er FRISKE møter på skulen. Dersom nokon har spørsmål, ta kontakt med kontaktlærar eller rektor.

Fylgjande informasjon er sendt ut på SMS til føresette 01.11.20:

Frå rektor, VUS og avdelingsleiar skule

 9.trinn;
Heile 9. trinn skal ha heimeskule med vanleg timeplan komande veke. Måndag møter elevane klokka 09.00 i sitt Classroom, der finn dei lenke til klasse-Meet. Resten av veka møter elevane til vanleg tid kl.08.20 i sitt Classroom, der finn dei lenke til dei ulike faga. For 8. og 10. trinn vert det skule som vanleg, med same tiltak som før, på gult nivå. Dersom nokon meiner dei har behov for test tek ein kontakt med testsenteret i Hovdebygda tlf: 70058960. Kontaktlærar kan ta evt. spørsmål vidare til rektor.


8. og 10 trinn:
Komande veke vert det heimeskule for 9. trinn pga at ein elev på trinnet har påvist covid-19 og mange er sett i karantene. For 8. og 10. trinn vert det skule som vanleg, med same tiltak som før, på gult nivå. Dersom nokon meiner dei har behov for test tek ein kontakt med testsenteret i Hovdebygda tlf: 70058960. Kontaktlærar kan ta evt. spørsmål vidare til rektor.


Viktige meldingar blir sendt til føresette via e-post og sms. For å kunne motta desse meldingane må ein vere registrert med korrekt e-postadresse og telefonnummer. Vi ber alle om å gå inn i Tietoappen og sjekke at det ligg korrekt informasjon der.


Fylgjande informasjon vart sendt ut til alle heimar 30.10.20:

Informasjon til elevar og føresette

Vi opplever i dag at covid-smitte og mange i karantene pregar nyhendebiletet i Volda dei siste dagane. Det betyr også at mange har spørsmål og behov for å få informasjon og vere trygge på at det skjer som skal skje, at dei som har ansvar gjer det dei skal. Vi har ei kriseleiing og ein organisasjon som jobbar godt og effektivt. Avgjerdene som gjeld i kommunen vert drøfta og tekne på fagleg og sosialt grunnlag.

Vi må vere budde på at vi kan få beskjed om å stenge skulen heilt eller delvis. Det er kommuneoverlegen og kriseleiinga som drøftar tiltak når ein har jobba med smittesporing og kartlagt ein situasjon. Til sjuande og sist er det kommuneoverlegen som bestemmer tiltaka. Ei kartlegging kan også utvikle seg vidare og nye tiltak kan bli sette inn. Smittesporingssenteret i Hovdebygda jobbar godt og teststasjonen vil vere open også søndag denne veka. Alle bør følgje med på informasjon frå Volda kommune.

De vil få den informasjonen de treng dersom det skjer noko på vår skule. Alle nærkontaktar blir kontakta av smittesporingsteamet og dersom noko er uklart så tek ein kontakt sjølv. Alle privatpersonar skal forhalde seg til retningslinjene vi har fått frå nasjonalt hald og følgje med på om det skjer noko meir lokalt i Volda. Alle har til slutt eit ansvar for å vurdere sin eigen situasjon.

Elles må vi følgje smittevernråda, i klassene og mellom tilsette. Har du meteren er du framleis nærkontakt. Det skal vere 2 meter for å unngå å vere nærkontakt. 1 meter er for å redusere sjølve smittefaren. Mellom barn og unge er smittefaren mindre enn mellom vaksne, difor held regjeringa fast på klassene som kohortar.

Dei tre grunnpilarane er framleis dei same:

1. Sjuke personar skal ikkje vere på skulen

2. God hygiene. (sjå råd om handvask på FHI)

3. Redusert kontakt mellom personar

Vi ber alle føresette sjekke om telefonnummer og e-postadresse stemmer i Tieto.

Med helsing

Inger-Anne Kvamme, rektor
Volda ungdomsskule,

Når skal barn og elevar haldast heime frå barnehage og skule? 

 Rettleiar frå Volda kommune finn du her

Frå kunnskapsdepartementet: "Informasjon til foreldre om barn og koronavirus". 

Her finn du samleside med nyttig informasjon i kortversjon.

Elevrådet ved Volda ungdomsskule 2020/2021

Nasjonale prøver hausten 2020

I veke 39 og 40 gjennomfører vi nasjonale prøver i engelsk, lesing og rekning på 8. og 9.årssteg.

Føremålet med nasjonale prøver er å gi skolane kunnskap om elevane sine grunnleggjande ferdigheiter. Informasjonen skal danne grunnlag for undervegsvurdering og kvalitetsvurdering på alle nivå i skulesystemet.

Les meir her

Skulestart 2020-21 - Informasjon til elevar og føresette

Gjenopning av skulen 

(to viktige skriv under)

Informasjon til elevar og føresette frå rektor:

Gjenopning - Informasjon til elevar og føresette.pdf

Informasjon frå avdeling oppvekst:

Info_til_foreldre_5_10_slik_gjer_vi_skulane_trygge.pdf

Informasjon til heimane frå helsestasjonen

Når barnehagar og skular er stengde  vert dagleglivet endra. Vi må vere heime, og barn/elevar får ikkje ta del i fellesaktivitetar på fritida. Her finn de informasjon om kvar de kan  vende dykk for å få hjelp, støtte og rettleiing dersom de strevar i dagleglivet.

Informasjon om standpunktvurdering og eksamen 



Info frå udir i høve standpunkt

Brev til elevar og føresette frå rektor (16.mars):

Informasjon til elevar og føresette

Brev til føresette frå avdelingsleiar skule (15.mars):


Brev til føresette 15.mars 2020