Reglement

ORDENSREGLEMENT FOR VOLDA UNGDOMSSKULE


På Volda ungdomsskule har vi desse ordensreglane. Dei skal gi oss ei felles forståing av korleis vi vil ha det på skulen, og korleis vi kan bidra til ein trygg og god skule. Ordensreglane gjeld også på stadar utanfor skulen der vi er samla i skulen sin regi.


  1. Vis medansvar, og oppfør deg slik at det vert triveleg og trygt på skulen og på skulevegen.
  2. Elevane kan i skuletida forlate skuleområdet berre etter særskilt løyve.
  3. Alle må gjere sitt til at skule, utstyr og andre sin eigedom ikkje vert skada.
  4. Alle skal vere med på å halde det reint og ryddig i og rundt skulen og på skulevegen.
  5. Møt presis, ver førebudd, ha med naudsynt utstyr og ver med på å skape gode arbeidstilhøve og gjer arbeidet ditt til avtalt tid. Fusk eller forsøk på fusk på prøver og innleveringar kan få konsekvensar for åtferdskarakteren.
  6. Mobil skal ligge avslått i mobilhotell på klasserommet heile skuledagen og nyttast berre ved løyve frå lærar. Ved bruk utan løyve blir mobil inndrege av lærar og levert på kontoret og kan hentast der ved skuleslutt. Ved tre brot på denne regelen, må mobil hentast av føresett. Chromebook (CB) skal nyttast berre i timar og ikkje i friminutt.
  7. Rullebrett , -skøyter, blades, sparkesyklar og motoriserte ståbrett kan elevane ikkje bruke i skuletida. Desse skal låsast ute ved sykkelstativ eller vere att heime.
  8. Brus, søtsaker og mat skal vi la vere i timane. Ein et og drikk i friminutta.
  9. Energidrikk, tobakk, snus og rusmiddel er det ikkje lov å bruke på skuleområdet.
  10. I tilfelle brot på ordensreglane, eller vanlege normer for akseptabel framferd, vil desse tiltaka til vanleg verte brukt:
    1. Tilsnakk/ inndraging av gjenstandar og ting som ikkje er tillatne.
    2. Samtale/ avtale med innlagt kontroll og evaluering.
    3. Melding til og kontakt med heimen.
    4. Tiltak i samråd med heimen. Økonomisk erstatning kan bli brukt.
    5. Merknad til eller nedsetjing av ordenskarakter eller åtferdskarakter
    6. Bortvising på inntil 3 dagar. Bortvising skal nyttast berre når andre tiltak ikkje nyttar, eller ved særleg grove brot på reglane
    7. Når omsynet til dei andre elevane tilseier det, kan ein elev verte flytta til ein annan skule utan at dei føresette samtykker. Før slikt vedtak vert gjort, skal ein ha prøvd andre tiltak. Oppvekstsjefen tek avgjerd i slike saker.