Skulestart

Informasjon til føresette

Første skuledag er ikkje bare ein stor dag for eleven, men òg for de føresette. Eit godt samarbeid frå start, er viktig for at både vaksne og barn kan kjenne seg trygge. Føresette som ynskjer det kan vere med inn i klasserommet for å ta bilete av sitt barn, men så oppmuntrar me til at elevane seier hadet der. Det er mogleg for føresette å vente i kantina. De står òg heilt fritt til å dra heim eller på jobb, om de ønsker det. Viktig at alle føresette laster ned appen Visma min skole - foresatt

Skulestart er torsdag 15. august. 1.trinn møter med føresette kl. 09.00 i aulaen (bruk hovudinngangen). Eigen invitasjon kjem omlag ei veke før i Visma. Skuledagen avsluttes 11.05. SFO er opent fram til klokka 16.00, for dei som har fått plass. Dersom du ikkje vil nytte dette tilbodet denne dagen, er det viktig at de gir beskjed til SFO i appen. 

Dette treng eleven til første skuledag: 

Anna informasjon

Kantine - Me har kantine på dei lange dagene. Førsteklassingane kan ete mat i kantina den første tida for å sjå om dette er eit tilbod de ønsker. Det vil bli sendt ut eit eige skjema i Visma etter skulestart, der legg de inn kva tilbud eleven skal ha. 

Gym - Elevane startar med skifteklede og dusjing i 3. klasse. Fint om elevane har gymsko eller gymsokker.

Klede - det er viktig at alle har eit ekstra sett med klede som kan ligge i korga på skulen. Elevane er ute kvar dag og treng gode uteklede etter vêret. 

Innesko - lurt med innesko, speislet haust og vinter. Dei kan gjerne bruke gymskoa, om dei ikkje har tøfler. 

Skrivesaker - elevane vil få ei korg med det som trengs av blyant, visk o.l. på skulen. Dette vil stå på pulten deira. Elevane treng ikkje penal.

NB! Merk alt til barnet ditt med namn! 


Me legg ut informasjon på heimesida til skulen og me oppdaterer denne sida. Hald deg gjerne oppdatert på desse sidene.

Det vil bli foreldremøte for 1.trinn i august. Tida vil kome på nettsida og eigen invitasjon i Visma. 

Me vil gjera det me kan for at skulestarten skal verta god for alle. Om de lurer på noko eller har spørsmål, set me pris på om de tek kontakt på 51798380 eller post.motland.skule@ha.kommune.no