Skuleklubb og leiketreff

SKULEKLUBB

Barnehagen tek med seg barna og besøker skulen. Skuleklubben varar ein time og eit kvarter fyrste og andre gong, halvanna time tredje gong og 2 timar siste gong. Siste gong får dei møte kontaktgruppa og kontaktlæraren sin. Alle besøka er lagt til tordagar.

Motlandsmarka og andre - 23.02 (kl. 11:15-12:30), 07.03 (kl. 12:45-14:00), 25.04 (kl. 12:00-13:30), 06.06 (kl. 12:00-14:00)

Rosktoppen - 23.02 (kl. 12:45-14:00), 21.03 (kl. 12:45-14:00), 16.05 (kl. 12:00-13:30), 06.06 (kl. 12:00-14:00)

Breidablikk, Skjeraberget, Vibereiret, Tryggheim og Bjorhaug - 07.03 (kl. 11:15-12:30), 21.03 (kl. 11:00-12:15), 23.05 (kl. 12:00-13:30), 06.06 (kl. 12:00-14:00)

Gruppa andre omfatter elevar frå barnehagar utanfor Nærbø og barn som ikkje går i barnehage. Føresette følger i utgangspunktet desse barna. 

LEIKETREFF

Har du lyst til å leike i lag med andre barn som du skal gå saman med på skulen? 

Det er lenge til du skal starte på skulen, men kanskje du har lyst til å treffe nokon av dei du skal gå saman med på skulen? Barn frå fleire forskjellige barnehagar skal gå på din skule, og nå vil me at dei som har lyst skal få møtast. Derfor lagar me treffpunkt der du kan ta med ein vaksen heimeifrå og leika saman med andre. Kanskje finn du ein ny ven?

Det blir ikkje noko opplegg desse ettermiddagane, men du får møta andre som du kan leike med. Leikeplassen er open frå kl 17-18.30. Døme: Alle barn som skal gå på Motland skule kan møtast 20.februar i Breidablikk barnehage. Det er frivillig og gjeld same kva barnehage ein går i. 

Det er foreldra/føresette som har ansvar for barna. Me legg opp til fire treff, men de kan og avtala fleire treff med andre som de møter. Følgjande datoar er for elevar som skal starte på Motland:

Måndag 19.02.2024 på leikeplassen i Rosktoppen

Tysdag 19.03.2024 på leikeplassen i Motlandsmarka

Torsdag 25.04.2024 på leikeplassen i Breidablikk

Onsdag 22.05.2024 i gymsalen/kantina på Motland skule - i gymsalen vil ein ta ut noko utstyr og ein vil sette fram spel og teiknesaker i kantina.