Klassekontaktar 2025/26: Linda Lode og Janite Varhaug
Vararepresentantar: Karoline Fuglestad Madland og Kjellaug Røynås.
Informasjon/orientering.
Nettvett.
I veke 6 hadde me fokus på “Sikker på nett”.
Det kom då fram at mange elevar spelte nettspel med alt for høg aldersgrense for dei, og at mange hadde chatta med ukjende, og også opplevd ubehagelege ting.
Symjing.
Kompetansemåla for kva eleven skal meistra etter 4.trinn er ganske omfattande.
Det siste målet av sju er:
Eleven skal kunne falle uti på dypt vann. Svømme 100 m på magen og underveis dykke ned og hente en gjenstand med hendene. Stoppe og hvile (imens flyte på mage, orientere seg, rulle over, flyte på rygg) samlet i tre minutter. Deretter svømme 100 m på rygg og ta seg opp på land.
Selskap.
Skulen kan ikkje bestemma om og korleis elevane vil feira gebursdagar.
Men det vanlege har vore at ein inviterer alle gutane/jentene i klassen, og så andre ein vil ha i tillegg. Det viktigaste er at ingen vert utestengde, som til dømes at ein inviterer alle gutane/jentene utan ein. Det er svært vondt å verta utestengd. På skulen arbeider me med at alle skal vera inkluderte, og det veit me at dei fleste elles på Varhaug arbeider for.
Blyant og visk. Headset.
Liten, men veldig viktig ting i kvardagen at alle har med seg blyant og visk kvar dag. I tredje klasse reknar me med at alle må kunna ha ansvar for og kontroll på ein enkel ting som dette.
Headsetta elevane har fått på skulen held ofte ikkje lenge, og me oppmodar sterkt til at elevane har sine eigne som dei tek godt vare på.