Her vil trinnet leggja ut relevant informasjon til føresette gjennom skuleåret. Informasjonen vil i utgangspunktet bli oppdatert kvar tysdag.
Det er viktig at de følgjer med på nettstaden gjennom skuleåret. Legg gjerne til ei påminning i kalenderen din.
Føresette kan kome før påskeferien og sjå gjennom gjengløymte klede i garderoben. Me kastar klede som ikkje er merka etter påskeferien.
Første skuledag etter påske er onsdag 8. april.
Hugs å fylla ut skjema før utviklingssamtalen 😊
Uteskule veke 13. Vèrmeldinga ser ikkje god ut verken onsdag eller fredag. Me tek ikkje tur på onsdag, men vurderer fredag og gjer ein lyd på visma korleis det blir.
Kontaktlærar til neste år er klar.
5A Geir Palle Haarr
5B Marianne Bratland Paulsen
5C Geir Bransdal
Veke 11 - 13 er det symjing for B og C.
Symjeoversikt for våren ligg under sider (trykk på dei tre strekane øvst til venstre).
Utviklingssamtalen blir i vekene mellom vinterferien og påskeferien. Innkalling på Visma.
Nå til våren (etter påske) skal me starta opp med sykkeltrening. Øv gjerne med barnet ditt heime framover, slik at dei blir trygg på sykkel 😃
Sykkeldyktig.no - øvelser til å trene på
Hugs å merke klede som elevane har med på skulen. Sjekk gjerne gjengløymte klede i garderoben om de manglar noko. Andre "innhykk" i den store glassgarderoben der trinnet har garderobe, er gjenglemte klede i år.
Lenka til heimesida er sendt heim på Visma.
Tips: Lag snarveg på mobilen din - så slepp du å leita fram lenka kvar gong.
Usikker på korleis du lagar snarveg på mobil? Sjå video:
Kontaktlærarar 4. trinn
A: Geir Palle Haarr
B: Marianne Bratland Paulsen
C: Ingunn Høiland
Andre lærarar/vaksne på trinnet: Solveig Scheie, Ester Frøyland, Brynhild Steinsland, Kariann Lindheim.
Skuledagene
Skulen opnar kl. 08.10 kvar dag.
Måndag: 08.15 - 13.55
Tysdag: 08.15 - 11.10
Onsdag: 08.15 - 13.55
Torsdag: 08.15 - 13.55
Fredag: 08.15 - 13.55
_______________________________________________________________________________________________
Headset: Det er ynskje at alle har headset på skulen. Det er ein stor fordel når elevane arbeider på Chromebook i klassen.
Chromebook: Elevane må hugse å ta med seg Chromebooken på skulen kvar dag. Chromebook laderen skal alltid ligge i sekken. Chromebooken ligg på skulen i helgene.
Leksehjelp: Måndagar, tysdagar og onsdagar er det tilbod om leksehjelp på 4.trinn. Føresette må melde på elevar til kontaktlærar. Mandag og onsdag kl. 13.55-14.15 og tysdag kl.11.10-11.30.
VISMA: Hugs at meldinger og fråvær skal skrivast i Visma.
Heimearbeid: Dette finn de under knappen heimearbeid her på nettstaden.
Sykkelparkering: Det er ikkje fast sykkelparkering i år, elevane kan parkera på kva for ein sykkelparkering dei vil.
Innesko: Alle treng innesko.
SFO: SFO ønskjer beskjed om endringar innan kl 12.00 (tysdagar klokka 10.00). Kontaktlærar må også få beskjed i god tid.
Gym: Alle gruppene har gym på fredagar. Elevane må ha med gymsko og klede til gym. Elevane skal dusje etter gymtimen og må ha med handklede og såpe. Elevar som ikkje har gymklede, må sitja å sjå på.
Skifteklede: Det er viktig at elevane har skifteklede på skulen.