Koseleg støylshus beliggande i tradisjonelt setermiljø i Traudalen, ca 15 minutts kjøring fra Sandane i Gloppen kommune, til leige. Støylshuset er ca 20 m2 og passar for 1 familie.
Det består av eit kombinert stove/soverom med vedovn, og kjøkken/vindfang. Opphaldsrommet har ei stor familiekøye og ei vanlig køyeseng. Totalt kan støylshuset romme 4-5 vaksne personar. Velstelt utedo i tilstøtande fjøs, og vatn i elv like ved.
Det er med andre ord ikkje innlagt vatn og straum. Tradisjonelt setermiljø som inneheld mange velheldne støylshus og fjøs.
Ridehelg på støylen?
Støylshuset kan leigast med hest. Ein kan då ha to hestar og nytte desse i perioden ein har leigd hytta. Det er mange fine skogsvegar og stigar som ein kan utforske. Stall Rygg hjelper til med å skreddarsy eit opplegg som passar for deg.
Andre turmuligheter/ aktiviteter:
Traudalen er ein innfallsport til Naustdal-Gjengedal landskapsvernområde. Det er med andre ord flott natur i området rundt der ein kan gå på fjellturar eller turar i skog. Det er merka løyper. Det er flotte fiskemuligheiter i Traudalsvatnet, Berdalsvatnet og Instevatnet, og Traudalselva renn like forbi setra. Jaktkort på rype og småvilt kan kjøpast.
Sengetøy, reingjering, kjøkkenutstyr, og ved, inkludert.
Leige av Stall Rygg sin robåt i Traudalsvatnet
200,- pr døgn
Bomveg og fiskekort til Traudalen kjem i tillegg.
Ta kontakt for meir info. Velkommen!
Vi nyttar booking.com for reservasjonar. Gå til lenka nedanfor for meir informasjon om prisar og tilgjengelegheit.