Besetning frå starten av og til ca. 1982:
Arne Moe: bs 79-82
Gunnar Solheim: vk/gt
Dag Igland: gt
Yngve Sætre: kb
Rune Sætre: tr
Ståle Hansen:gt ca 81-82.
Yngve og Arne slutta i 1982 i forbindelse med militærtjeneste. Har ikkje heilt oversikt over kven som var med før bandet vart nedlagt, men både Per Arne Bjørkedal og Knut Eilefsen var med ei stund etter 82
Bandet vart starta under navnet Willy Nikkers & Strømpebandet medan dei fleste gjekk på Volda vidaregåande i 1979. Skifta navn til Hard Rain ca. 1980. Øvde på Maurtua sjølvsagt. Spelejobbar rundt omkring på Nord- Vestlandet for det meste, men var også på ein del lengre turar, m.a. til Nord Trøndelag. Høgdepunktet i karrieren var utan tvil då bandet i 1981 vann Vestlandsmeisterskapen i Rock som gjekk av stabelen i Fagerlihallen i knallhard konkurranse med frå band frå Bergen i sør til Kr.Sund i nord. Premien var ein pokal pluss ein spelejobb til kr. 10 000,- i honorar, men den premien/spelejobben har vi ikkje fått endå...
Kjelde: A Moe