Knut Marius Welle - Trommer
Gunnar Skare - Gitar
Martin Foldal - Bass
Per Arve Hovde - Orgel & Vokal
Helge Strømskag (1978-79) - Gitar
Per Gunnar Søvik - Lydteknikar
Starta på Ørsta Ungdommskule der vi fekk låne eit grupperom. Seinare vart vi flytta til bomberom som ikkje var noko særleg, so Gunnar Skare ordna det slik at vi fekk øve på Ungdomshuset i Åmdal mot at vi spelte fast på lagsmøta. Seinare flytta vi til Idavollen i Ørsta der vi hadde same ordninga med ØUL.
Første oppdrag var på ein basar for Ørsta Hornmusikk der vi sette alle forsterkarane fremst på scenekanten for at publikum skulle høyre medan vi stod bak og høyrde lite :-).
Vi spelte på dans både i Bondalsparken og i Tafjord. Snille foreldre stilte opp og køyrde oss, for vi var egentlig ikkje gamle nok til å gå på dans eingong.
Kjelde: M Foldal