I tillegg til oppgåvene som vi jobber med gjennom året, må du skrive logg. Loggen er ein del av vurderinga i faget, og det er lurt å skrive utfyllande etter kvar økt, slik at du ikkje får mykje å gjere på slutten av året. Det er vanskeleg å hugse kva du gjorde i starten av året, og korleis, viss du ikkje har gjort deg nokre notat undervegs. Loggen finn du her og i classroom.
Årshjul
Haustsemesteret 2025:
Oppgåve 1: Frå bok til pokal. Sjå oppgåve + vurderingskriterium her
Oppgåva er knytt til kompetansemålet: Vurdere problemstillingar rundt etikk og berekraft i eiga bedrift
Pokal
For å nå måla om berekraft valte elevane å lage pokalen av ei brusflaske og resirkulert papir frå bosscontainer.
184ef5b25aed4738bf61565d89c043ad.MOV
Oppgåve 2: Kva treng vi frå skulebiblioteket? Sjå oppgåve+vurderingskriterium her Oppgåva er knytt til kompetansemålet: Utforske og identifisere ein marknad og behova i det
Vårsemesteret 2026:
Oppgåve 3: Gjer skulebiben betre- med din idè! Sjå oppgåve + vurderingskriterium her Oppgåva er knytt til kompetansemålet: Utvikle eit produkt eller ei teneste som møter eit definert behov
Oppgåve 4: Bibliotekglede- skap leselyst saman! Sjå oppgåve + vurderingskriterium her
Oppgåva er knytt til kompetansemålet:Planleggje og gjennomføre drift av ein bedrift i samarbeid med andre
Oppgåve 5: Frå idè til suksess: fortel historia om prosjektet ditt! Sjå oppgåve + vurderingskriterium her.
Oppgåva er knytt til kompetansemålet: Dokumentere drift og reflektere over ulike sider ved eiga bedrift
NB: Kompetansemålet bruke budsjett og regnskap for å holde oversikt over driften av bedriften blir arbeidd med gjennom heile året, knytt til dei ulike oppgåvene.