I dette faget skal du produsere noko som skal visast for eit publikum, og du skal vere med frå idé til førestilling. Kvart skuleår blir ulikt, og ut frå elevgruppas samansetning formast aktivitetane som blir gjennomførte.
Målet er å kvart år produsere og gjennomføre noko som blir vist fram for eit publikum. I dette faget jobbar ein kreativt, tett på kvarandre og samarbeider mykje saman. Du vil også få oppleve ulike kulturopplevingar, gjerne på andre scener enn vår eiga.
Om du vel produksjon for scene, må du engasjere deg, turde å kome med eigne idéar, stole på deg sjølv og ønske å vise deg fram.
Faget har plass til alle som ønsker å delta i ein sceneproduksjon; om det er bak miksepulten, med ein gitar på brystet eller som ein solist midt på scenen.