Media og kommunikasjon er valfaget for deg som liker å jobbe med lyd, bilete, tekst og film. I faget får du moglegheit til å jobbe med lengre prosjekt der du bruker ulikt utstyr for å lage noko innan media.
Faget tar også for seg ein del teori rundt journalistikk, sosiale media, presseetikk og liknande, og målet er at du klarer å vise denne teorien i praksis når du jobber på prosjekta.
Om du velger dette valfaget, bør du vere svært sjølvstendig, ha noko teknisk kompetanse innan data og redigering og kjenne på ein indre skaperglede. Du bør også vere glad i å jobbe mykje med noko over lengre tid, for å gjere eit produkt enda betre.