Modell for ressursfordeling i Askøyskolen
Skulane i Askøy får tildelt ressursar i samsvar med Modell for ressursfordeling i Askøyskolen. I tillegg kan skular bli tilført ekstra ressurser for elevar frå andre kommuner (gjesteelever/fosterbarn) eller via eksterne tilskuddordningar.
Den største delen av "kaka" går til lærerstillingar. Over 60 % av desse er knyttet til ordinær undervisning (lærarnorm). Resterande ressurs skal dekke behov for Individuelt tilrettelagt opplæring (ITO), særskilt språkopplæring, kontaktlærarressurs m.m. i samsvar med særsavtale SFS 2213, fysisk aktivitet og leksehjelp. Delar av denne ressursen kan skulane gjere om til årsverk for andre yrkesgrupper i skulen.
Årsverk i Askøyskolen finn de i datagrunnlaget.
Lærarnorm
Lærarnorm er eit forholdstal mellom elevtimar og lærartimar i ordinær undervisning. Normen er 15 på 1-4.trinn og 20 på 5.-10.trinn. Skulane kan fordele ressursen mellom trinn og klassar innanfor hovedtrinna 1-4, 5-7 og 8-10.
I berekninga av årsverk er det lagt til grunn 741 (60 min) undervisningstimar på barnetrinnet og 656 undervisningstimar på ungdomstrinnet. Rammetimar ut over lærarnorm kan gjerast om til assistenttimar.
Link til Fag og timefordeling i Askøyskolen
Link til elevtal
Tidleg innsats, intensiv opplæring og personlig assistanse
Opplæringslova § 11-1: Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at opplæringa er tilpassa, det vil seie at elevane får eit tilfredsstillande utbytte av opplæringa uavhengig av føresetnader, og at alle skal få utnytta og utvikla evnene sine.
Opplæringslova § 11-3: På 1. til 4. trinn skal kommunen sørgje for at elevar som står i fare for ikkje å ha forventa progresjon i lesing, skriving eller rekning, raskt får eigna intensiv opplæring. Dersom det er best for eleven, kan den intensive opplæringa i ein kort periode givast som eineundervisning.
Opplæringslova § 11-4: Elevar har rett til den personlege assistansen dei treng for å kunne delta i opplæringa og få tilfredsstillande utbytte av ho.
Ressursen til tidlig innsats, intensiv opplæring og personlig assistanse hentast frå basisressurs (lærarnorm) og elevressurs.
Individuelt tilrettelagt opplæring (ITO)
Opplæringslova § 11-6: Elevar har rett til individuelt tilrettelagd opplæring dersom dei treng det for å få tilfredsstillande utbytte av opplæringa.
Skulane gjer vedtak om ITO i samsvar med sakkunnig vurdering frå PPT. Ressursen hentast frå elevressurs og toppressurs.
Toppressurs
Ca. 25 % av tilgjengelig ressurs utanom lærarnorm blir fordelt som toppressurs. Skuleeigar gjer ei samla skjønsmessig fordeling. Som grunnlag for fordelinga blir elevar med stort behov for oppfølging gjennom skuledagen lagt til grunn.
Teneste 2540
Teneste 2540 gjeld eit fåtal elevar med særlege behov for helse- og omsorgstenester i skulen. Forvaltningseininga i kommunen gjer vedtak.
Kontaktlærerressurs
SFS 2213 gir kontaktlærar rett til 28,5 årstimar redusert undervisningstid (45 min per veke). Kontaktlærar med ansvar for over 20 elevar får i tillegg 28,5 årstimar. Skulane i Askøy endrar kontaktlærarressurs og arbeidsplaner to gonger i året (teljedato 1.august og 1.januar).
Fosterbarn/gjesteelevar
Enkelte skular har fosterbarn/gjesteelevar med vedtak om ITO som er finansiert av andre kommunar. Ressursen er ikkje medrekna i ressursfordelinga til skulane, men blir tilført i regnskap/budsjett merka med objekt 2004 . Grunnressursen/innbyggartilskotet blir ikkje tilført skulane.
Grunnleggande norsk og tospråkleg opplæring
Skulane gjer vedtak om ressursar til grunnleggande norsk og tospråkleg opplæring (§ 3-6). Ressurs til grunnleggande norsk må hentast frå basisressursen på linje med spesialpedagogisk ressurs.
Ressurs til tospråkleg opplæring blir fordelt frå fagavdeling skole som også har personalansvar for tospråklege lærarar. Skulane skal kartlegge elevane og gjere vedtak. Vedtak om grunnleggjande norsk er ein føresetnad for tildeling av ekstra tospråkleg ressurs frå fagavdeling skole. Skular kan velje å auke ressursen til tospråkleg opplæring innanfor eigne rammer.
Innføringsklassar
Kleppestø barneskole og Kleppestø ungdomsskole har innføringsklassar for barnetrinn og ungdomstrinn i Askøy kommune. Elevar i 1.trinn byrjar som regel i nærskulen. Innføringsskulane får øyremerka ressurs til innføringsklassane. I tillegg skal elevane reknast med på klassetrinnet dei høyrer til når elevtal blir registrert (slik det blir gjort i GSI).
Barnetrinn: 779 årstimar + 70 årstimar frå elev nr.7.
Ungdomstrinn: 874 årstimar + 70 årstimar frå elev nr.7.
For elevar som kjem til etter elevteljing i august får skulane tilført 70 årstimar pr. elev (frå elev nr.7). Skulane må kvartalsvis melde inn endring i elevtal.
Samisk opplæring
Elevar med rett til opplæring i/på samisk får dette ved nærskulen sin. Fagavdeling skole rekrutterer samisk lærar og har personalansvar for denne. Alternativt kan opplæringa gjevast som fjernundervisning.
Teiknspråk og punktskrift
Elevar med rett til opplæring på tegnspråk eller punktskrift kan få dette ved nærskulen eller ved ein skule som skuleeigar gir eit samla tilbudet ved. Skulane får øyremerka ressursar for å gje dette tilbodet.
Språkdeling
Fauskanger barne- og ungdomsskule og Træet skule har nynorsk som målform, og tilbyr språkdeling for bokmålselevar om elevtallet er over 10 i kvar klasse. Skulane får tildelt 2 ekstra årsverk kvar for å tilby opplæring i begge målformer.
Øvingsskule
Kostnader og inntekter/refusjonar for øvingslæraroppdrag er ikkje medrekna i rammetimetalet, og er ikkje lagt i budsjettgrunnlaget.
Vidareutdanning
Skular med lærarar som tek vidareutdanning med vikarordning får tilført øyremerka tilskot frå Udir (37,5 % stilling). Budsjettet blir styrka på konto 10200 (vikar) med 6/12 haust og 6/12 vår.
Leiing og administrasjon
Tid til leiing og administrasjon er ikkje ein del av rammetimetal. Samla leiingsressurs i Askøyskolen er 32,4 årsverk. Alle skulane har 80% grunnressurs. Resten av leiingsressurs blir fordelt etter elevtal. Innføringsskulane og spesialpedagogisk avdeling ved Ravnanger ungdomsskole får i tillegg 20 % leiingsressurs.
8 % av rektorstillinga blir belasta SFO. Barneskular har skuleleiar som SFO-leiar, og må definere kor stor del av leiingsressursen som gjeld SFO (Anbefalt norm: 10% + 0,3% pr.barn). SFO leiing skal finansierast av foreldrebetaling.
MOT og miljøveileder
Ungdomstrinnet får til saman 480 % årsverk til MOT og miljøveiledere (budsjettvedtak 2018).
Fauskanger barne- og ungdomsskule - 100 %
Erdal ungdomsskole - 120 %
Ravnanger ungdomsskole - 120 %
Kleppestø ungdomsskole - 140 %
Logopedi og tidlig innsats
Fagavdeling skole har 3 årsverk til tidlig innsatsteam og logopedtenester i grunnskole.
Vikar / ekstra arbeid
Det er budsjettert med 4 mill. til vikar (konto 10206). Ressursen blir fordelt etter elevtal og skal dekke vikarutgifter utan refusjon. Vikarutgifter knytt til fråvær/permisjonar som utløyser refusjonar skal førast på andre kontoar (102*).
Fysisk aktivitet og leksehjelp
Ressursar til fysisk aktivitet og leksehjelp er ein del av rammetimetalet og må hentast frå “elevressurs”. Skulane vel sjølv form for organisering og bemanning.
Kommunen skal gje tilbod om 8 timar leksehjelp i 1.-10.klasse. Askøy kommune har vald å legge 6 timar på 5.-7.klasse og 2 timar til ungdomstrinnet. Skulane vel sjølv korleis tilbodet skal organiserast. Ved alle ungdomsskulane og enkelte barneskular er Røde kors samarbeidspart. Askøy kommune betalar Røde kors 250 000 pr. år for dette som inkluderer matservering og praktisk og fagleg oppfølging av elevane.
Forskrift til opplæringslova: Elevar på 5.-7. årstrinn skal jamleg ha fysisk aktivitet utanom kroppsøvingsfaget. Til saman skal dette utgjere 76 timar innanfor 5.-7. årstrinn, jf. fag- og timefordelinga.
Kommunen skal tilby leksehjelp med til saman åtte timar kvar veke til elevar i grunnskolen. Dei åtte timane fordelast fritt på årstrinna slik kommunen avgjer. Formålet med leksehjelpa er å gi eleven støtte til læringsarbeidet, kjensle av meistring og gode rammer for sjølvstendig arbeid. Leksehjelpa skal og medverke til å utjamne sosial ulikskap i opplæringa.
SFO
Skulane bemannar SFO i samsvar med inntekter/foreldrebetaling. Foreldrebetaling skal også dekke lønnsutgifter, driftsutgifter og 8 % av rektorlønn. 5,2 mill blir i tillegg fordelt til skular/SFO med særleg ressurskrevjande elevar. Skular med elevar i SFO på 5.-7. trinn skal prioriterast.
Tidsressurs (SFS 2213)
Tidsressurs
Ressurs til lærere og skoleledere med en byrdefull undervisningssituasjon fastsettes til 2 årsrammetimer per elev ved den enkelte grunnskole. Fordeling av ressursen drøftes på den enkelte skole. Ved partsenighet på kommunalt nivå kan ressursen omfordeles mellom skoler/skolene. Tidsressursen skal brukes til å lette lærerens og/eller skolelederens undervisningssituasjon. Dette gjøres som hovedregel ved reduksjon av antall undervisningstimer. Den enkeltes undervisningsbyrde kan også ved partsenighet lettes ved å øke personaltettheten og derved tilpasse fordeling av undervisningsoppgaver.
Kontaktlærertjeneste for elevene
Lærere i grunnskolen som utfører kontaktlærertjeneste for elevene, får redusert årsrammen for undervisning med minimum 28,5 årsrammetimer. Lærere som er kontaktlærer for 21 elever eller flere, får en ytterligere reduksjon av årsrammen for undervisning med 28,5/38 årsrammetimer. Ved partsenighet kan den økte ressursen fordeles på annen måte.
Kontaktlærer for elevråd i grunnskolen
Lærere som utfører kontaktlærertjeneste for elevrådet, skal ha redusert årsrammen for undervisning. Omfanget fastsettes lokalt.
Særskild for ungdomstrinnet
Det avsettes 57 årsrammetimer pr. opprettet gruppe (maks 30 elever) på ungdomstrinnet. Ressursene forutsettes nyttet blant annet til sosialpedagogisk tjeneste/rådgivning, kontaktlærer elevråd og eventuelt lokalt opprettede funksjoner. Av dette avsettes minimum 28,5 årsrammetimer pr. påbegynt 25 elever pluss 5 % av et årsverk til lærere som utfører sosialpedagogisk tjeneste/ rådgivning på ungdomstrinnet.
Livsfasetiltak (SFS 2213)
Lærere har rett til å få redusert undervisningen med inntil 6 % fra skoleårets begynnelse det første yrkesåret etter fullført faglig og pedagogisk utdanning.
Lærere har rett til å få redusert undervisningen med inntil 6 % fra skoleårets begynnelse det kalenderåret de fyller 57 år.
Lærere har rett til å få redusert undervisningen med inntil 12,5 % fra skoleårets begynnelse det kalenderåret de fyller 60 år.
Nyutdannede lærere og lærere over 60 år disponerer den frigjorte tiden til for- og etterarbeid og faglig ajourføring på skolen, dersom man ikke blir enige om noe annet.
Skulane får tilført øyremerka ressursar til livsfasetiltak for lærarar.
Tillitsvald og verneombod
Tillitsvald og verneombod skal etter avtaleverket ha tid til å utføre oppgåver og delta på møter med mål om god involvering i skulen sitt arbeid. Dette kan gjerast gjennom fast redusert undervisningstid, frikjøp i samband med møter/oppgåver, eller ein kombinasjon. Ressurs til plasstillitsvald er ikkje øyremerka i ressurstildelinga.