Husk å betale kontingent før nyttår - dei som ikkje har medlemskap i NBF i orden vil måtte betale kr 100 i spelepengar i Klepp BK. Kva klubb du er medlem av er likegyldig - men dei som ønskjer å bytte hovudklubb MÅ gi beskjed til klubben dei ønskjer å ha som hovudklubb (varsle gjerne og den klubben du forlet), og sjølvsagt betale inn full kontingent til denne før årsskiftet!
Klubben må betale "serviceavgifta" på kr 17 pr medlem/kveld og kr 67 pr ikkjemedlem/kveld. (Dette gjeld medlemsskap i NBF - ikkje Klepp bridgeklubb). Dette betyr at som hovudregel vil spelarar som ikkje har medlemskap i NBF måtte betale kr 100 i startkontingent/spelepengar, medan medlemmer betalar kr 50 (junior gratis, intro-medlemmer kr 25) på vanlege spelekveldar i Klepp BK. Vi oppmodar difor alle som veit at dei kjem til å spele meir enn to-tre kveldar i løpet av året å teikne seg som medlemmer og betale kontingent til Klepp BK eller ein annan klubb tilslutta NBF!
For nye bridgespelarar gjeld eit rimeleg introduksjonsmedlemsskap for to år og halv startkontingent (kr 25) i same perioden.
Årsmøte i Klepp BK 1.3.2022 vedtok at medlemskontingenten i Klepp BK inn til anna vert bestemt skal vera slik:
Hovudmedlem #), standard: kr 350,-
Hovudmedlem, junior/intro: kr 100,-
Klubbmedlemskap for
hovudmedlemmar i andre klubbar: kr 150,-/50,- (junior/intro)
Ikkje aktive medlemmer *): kr 500,-
Lisens #): kr 600,-
*) Dette vil først og fremst gjelde "proff-laget" til Rune Hauge og evt. andre som er medlemmer i Klepp BK for å kunne representere NBF Rogaland i 1. og 2. divisjon, og som såleis ikkje bidreg med inntekter til klubben gjennom deltaking på klubben sine spelekveldar. Dette gjeld altså bare medlemmer med Klepp BK som hovudklubb som aldri fysisk er til stades på våre spelekveldar.
#) Lisens gjeld bare medlemmer som spelar 1. og 2. divisjon, parfinale og finalen i NM for klubblag.
Merk - dersom nokon utanom kretsen (NBF Rogaland) som har annan klubb som hovudklubb og ønskjer å vera medlem i Klepp BK kjem kr. 80 i kretskontingent i tillegg (kr 10 for junior).
Medlemskontingenten blir normalt innkrevd kontant på klubbkveldane i november/desember. Dei som ønskjer det kan også betale inn til klubben sin konto - nummer 3290.20.08577 eller nytte Vipps 107643 (frist 31. desember). Dei som betaler inn til konto MÅ huske å merkje innbetalinga med namn og/eller medlemsnummer og at det gjeld kontingent! Det vil og vera kortterminal tilgjengeleg i spelelokalet.
Sjekk om du står på medlemslista. Dei som ikkje har betalt før nyttår blir strokne av lista! (men ein kan sjølvsagt når som helst betale kontingenten og bli registrert som medlem att). Det er også viktig at ein sjekkar og gir beskjed om kva klubb som skal vera hovudklubb. Ein berre stå som hovudmedlem i ein klubb. Tilleggsmedlemsskap i andre klubbar vil normalt vera til redusert kontingent - for Klepp BK sin del er denne for 2021 kr. 150,- (50 for junior).
Vi ber også alle om å sjekke at den informasjonen vi har er korrekt (adresse, telefon osv) - mange manglar e-postadresse og vi vil gjerne ha denne
Merk at i klubbmeisterskap (som i normalår startar like over nyttår) må minst ein i paret vera medlem i Klepp BK for at paret skal kunne kalle seg klubbmeistrar (ein treng ikkje vera hovudmedlem i klubben).
Ingen kan vera medlem i NBF utan å vera knytt til ein hovudklubb. Dei som skal betale kr 150 i kontingent til Klepp BK for 2022 MÅ altså stå registrerte med ein annan klubb som hovudklubb (og sjølvsagt betale full kontingent til denne)!
Alle er sjølvsagt velkomne som medlemmer i Klepp bridgeklubb - anten på den eine eller andre måten. Men vi ser jo helst at dei som er medlemmer også deltek aktivt på våre spelekveldar og klubben sitt arbeid elles - og har derfor også definert ein eigen kontingentsats for "ikkje aktive medlemmer". Viser og til vårt representasjonsreglement som regulerer kva klubben evt. dekkjer av startkontingentar m.m. til ulike tevlingar.