♣️ Klepp bridgeklubb relanserer makkergaranti! ♣️
Har du lyst å spela bridge, men manglar makker? No relanserer Klepp bridgeklubb makkergarantiordninga – og me håpar mange vil vere med!
🕕 Slik fungerer det:
Oppmøte og registrering i turneringsleiaren sitt hjørne seinast kl. 18:00
→ Kven du kan/ikkje kan spele med, samt dine ønskjer før trekninga av makker
Trekning / tildeling av makker skjer kort tid etter
De får då 10–15 minutt til å avtala system
✅ Viktige spelereglar for ordninga
Ikkje dann par på eiga hand etter at de er registrert hjå turneringsleiaren, då blir det rot!
Du kan ikkje nekta å spela med makkeren du får
→ Gje beskjed til turneringsleiar i forkant av tildelinga om det er nokon du ikkje kjem til å klare spela med, me har full forståing for at ikkje alle matchar med alle
Tydeleg misnøye/skuffelse over å få ein annan makker enn du håpte på, blir ikkje akseptert
Du skal behandla makkeren din med respekt
Ver hyggeleg – både i ord og kroppsspråk
Brot på desse reglane kan føra til at du blir utestengd frå makkergarantiordninga
🌱 Kven passar ordninga for?
Både ferske, proffe, rustne og midt-på-treet-spelarar er velkomne – møt opp aleine, så ordnar me makker til deg
Er du ein som har stort nettverk og har lett for å ordna deg makker?
👉 Du er hjartans velkomen til å nytta ordninga då òg, om du vil
Me ønskjer gjerne ein kultur der det er heilt normalt – ja, gjerne litt kult og vågalt – å koma til Klepp utan makker.
Makkergaranti skal ikkje sjåast på som ei nødløysing, men som ein naturleg og positiv del av klubbmiljøet ♣️
🔀 Trekning og preferansar
Blir det mange spelarar som deltek i ordninga, kan me til dømes:
tildela makker etter handikap (høgt/lågt saman)
trekkja heilt tilfeldig
leggja andre preferansar eller kriterium til grunn
Dette avklarar me frå gong til gong etter ønskje frå deltakarane.
♣️ Makkergarantisten
Underteikna er makkergarantist inntil vidare. Om andre har lyst til å stilla som garantist éin eller fleire kveldar, er det hjartanst velkoment – gje beskjed til underteikna.
Ordninga gjeld inntil vidare, så lenge det er spelarar som vel å nytta seg av ordninga, og så lenge vi har frivillig garantist. Me prøver oss fram – vegen blir til medan me går.
Vel møtt ved bridgebordet!
Jomar Lygre Undheim