Vegkryss tilbyr mange spennande workshops for ungdommane som ikkje skal delta på ungdomstinget. Her er nokre av workshopane me tilbyr, med forbehald om endringar etter interesse.
Har du opna Bibelen og tenkt: kva i alle dagar skjer her? Du er ikkje åleine.
Denne workshopen er for deg som vil få litt meir oversikt – utan å måtte vere ekspert. Me tek for oss korleis du kan bruke Bibelen i kvardagen og kvifor Bibelen framleis betyr noko i dag.
Ingen forkunnskapar, ingen dumme spørsmål – berre ein chill introduksjon til verdas mest leste bok.
Workshopen haldas av Arild Steinsland, prost i sunnhordaland.
Har du lyst til å ta meir ansvar i ungdomsarbeidet – eller er du allereie leiar og vil bli tryggare i rolla di?
I denne workshopen snakkar me om kva det vil seie å vere ungdomsleiar i kyrkja. Du får tips, verktøy og rom for å dele erfaringar med andre i same situasjon.
Her handlar det om å bygge fellesskap, vere ein god rollemodell og finne din måte å leie på 💛
Likar du fysisk aktivitet, leik og god stemning? Då er denne workshopen for deg!
Saman med KRIK blir det fart, samarbeid og masse moro – låg terskel, høg energi og plass til alle. Her handlar det ikkje om å vere best, men om å vere med.
Kva gjer du når ein ven ikkje har det bra? Og korleis kan du vere der for andre – utan å måtte ha alle svara?
I denne workshopen snakkar me om korleis du kan møte andre ungdommar med omsorg, respekt og tryggleik. Du får enkle verktøy og rom for refleksjon, slik at du kan kjenne deg litt tryggare i møte med vanskelege situasjonar.
Dette er ein workshop for deg som bryr deg – og som vil vere ein god medspelar for andre.
Vil du bli betre på å bruke sosiale medium til å nå ut med ungdomsarbeidet i kyrkjelyden din?
Workshopen haldas av Oda Elise Grimstad, konferansier på Vegkryss og sosiale medier ansvarleg ved St. Jakob kyrkje.
Har du lyst til å spele i band – eller berre prøve deg litt fram? Her får du sjansen!
Saman lagar me musikk, testar ut samspel og har det gøy med instrument og lyd. Enten du syng, spelar, eller berre er nysgjerrig, er du velkomen.
Ingen krav, berre musikkglede, samarbeid og god stemning 🎶
Likar du å synge – eller har du lyst til å prøve? Då er denne workshopen for deg!
Her syng me saman, jobbar med stemmebruk og opplever kor kjekt det er å skape musikk i fellesskap. Du treng ikkje ha erfaring – det viktigaste er at du har lyst.
Kom og bli med på ei økt fylt med songglede, fellesskap og gode tonar 🎶
Klar for litt vennskapleg konkurranse? Her blir det brettspel, latter og god stemning – enten du er superstrateg eller berre likar å vere med.
Ta ein pause, bli kjend med nye folk og utfordre både deg sjølv og andre rundt bordet. Kanskje går du av med sigeren – eller kanskje med ein ny favoritt?