Meld deg på her: Påmelding til Veikryss 2026
Påmeldingsfrist: 12. juni
På Vegkryss samlast ungdom frå heile Bjørgvin bispedøme for å bli inspirert, utfordra og kopla saman i tru og engasjement. Dette er ei helg for fellesskap, refleksjon og nye idear – der du får møte andre ungdomar som bryr seg om det same som deg.
Kva skjer?
To dagar stappfulle av opplevingar – her er noko av det du kan gle deg til:
Fellessamlingar med band og allsang
Engasjerande og kjekke workshops og aktivitetar
Samtalar om tru og livet – ekte, ærlege og opne
Inspirasjon til ungdomsarbeid – ta med deg idear heim til kyrkjelyden din
Kven er det for?
Vegkryss er for deg som:
går på vidaregåande skule eller er eldre
har ein funksjon i ungdomsarbeidet i kyrkja di
eller er med på MILK, REACTION eller anna opplegg for 10. klasse
Tid og stad
Dato: 29.–30. august 2025
Stad: Nykirken og St. Jakob kirke, Bergen
Overnatting: Comfort Hotel Bergen
Pris:
Kr. 500 for delegatar til ungdomstinget
Kr. 700 for andre deltakarar
Førkveld (for dei med lang reiseveg)
Har du lang reiseveg? Då kan du sjekke inn på hotellet allereie fredag kveld.
Tid: Fredag kl. 19.30
Stad: TBA
Det blir pizza, shuffleboard-turnering og sosialt program i eige lokale nær hotellet – ein fin måte å bli kjend før konferansen startar!
Ungdomstinget
Ungdomsrådet i Bjørgvin bispedøme kallar inn til Ungdomsting 2026 samstundes som konferansen. Kvar kyrkjelyd kan sende to delegatar til ungdomstinget.
Ungdomstinget vil gå føre seg medan dei andre deltakarane deltek på ulike workshops. Saker og saksdokument til ungdomstinget blir sende ut når dei er klare.
Tid: Laurdag kl. 12.00–17.00
Stad: TBA
Sjå reglar for ungdomsdemokratiet i Bjørgvin bispedøme (nederst på sida) for meir informasjon.
Påmeldingsfrist: 12. juni
Etterpåmelding 14. august
(ikkje garantert overnatting eller førsteval på seminarar ved etterpåmelding)
Meld deg på her: Påmelding til Veikryss 2026