Eg heiter Symre Taugbøl Bang, er 24 år, og har drive med musikk gjennom heile oppveksten. Hovudinstrumentet mitt er gitar, men song og hardingfele har alltid vore med på vegen. På musikklina i Skien starta for alvor interessa for tekstskriving, og eg avslutta VGS med å spele inn albumet «YMSE»(2021). Hausten 2024 kom albumet «Elles ganske frisk», – ein fargerik bukett av tekst og musikk skrive i alderen 18 til 22. Tredjeplata «Ikkje noko for meg» kom 27. februar 2026 og inneheld 10 varierte spor om nære relasjonar og store tankar. Etter fullført utøvande bachelor delt mellom Griegakademiet i Bergen og NMH i Oslo har eg flytt heim til småbruket i Morgedal.  

foto: Lokalmønstringa til UKM 2012