Dagar som sand ut av hendene renn
og eg trur ikkje eg kjenner deg
Om du ikkje tvilar enno så kjenn etter
om du kjenner meg
og eg tenkjer på
at tida går fort
eg veit betre nå
kva eg ville ha gjort
viss eg var
ei som elskar alt du gjer
som fylgjer deg kvar enn du fer
som lyttar til kvart einaste ord
og kjenner at kjærleiken gror
frå nokon å vera saman med
til noko eg ikkje veit kva er
med sakte puls og opent sinn
du veit at ho er berre di
nå reiser eg min veg
for det er ikkje meg
det er ikkje meg
Lyden av regnet mot taket som dett
mot slaga frå hjarta ditt
Rytmar og tonar som tullar eit nett
av kaos i hovudet mitt
og eg tenkjer på
at tida går fort
eg veit betre nå
kva eg ville ha gjort
viss eg var
ei som elskar alt du gjer
som fylgjer deg kvar enn du fer
som lyttar til kvart einaste ord
og kjenner at kjærleiken gror
frå nokon å vera saman med
til noko eg ikkje veit kva er
med sakte puls og opent sinn
du veit at ho er berre di
nå reiser eg min veg
for det er ikkje meg
det er ikkje meg
Ville ha noko anna, det slår meg tilbake i panna
i fleisen, med kos framom peisen
på polet, treng raudvin i blodet i skallen
må vera på ballen, skal ende på pallen
Det perfekte prospektet
det er ikkje ekte
eg nektar å tru det, eg kan ikkje snu det
Du spør kva eg vil
Eg svarar: eg har ikkje tid til å svare
Livet er dagar, det er berre dagar
som kjem hit og lagar stort styr
ut av bittesmå plagar
Eg veit eg er heldig
det kjenner eg veldig på
når eg ser deg nå
Eg sveittar i svime, kvar einaste pore
Har to nye sedlar i foret
rundt og rundt på jordet
Trur eg er på sporet av noko større
eg må berre tørre å gjera
Det er ikkje meg, det er deg
som ikkje har plan A
Det er ikkje meg, det er deg
som treng ein ny stad å slappe av
Ikkje så huga på samarbeid
detta her funkar vel heilt okei
det er slik det blei
Alle har tid dei må slå i hel
kom skal eg runde deg
som om du var eit videospel
Det er ikkje meg, det er deg
som ikkje har plan A
Det er ikkje meg, det er deg
som treng ein ny stad å slappe av
Me har høyrt det før, høyrt det før
lat meg ligge i armane dine til eg dør
ikkje fordi eg er heime der
men fordi dei skjermar meg
frå alt det fæle som skjer
som er hardt og tungt
med deg er livet mjukt og ungt
Skal me knekke ein til pils, reke og Mills
Kom og vis meg nokon sjuke skills
du har lært av nokon andre
me kan lære av kvarandre
det er ingenting som vil forandre seg
Det er ikkje deg, det er meg
som ikkje har plan A
Det er ikkje deg, det er meg
som treng ein ny stad å slappe av
Eg sov skikkeleg godt og lenge
men det gjorde meg sur
Ein kan jo ikkje halde på slik
utan nokon struktur
Pakke inn og ut av sekk
og bilen min treng nye dekk
Eg er stiv av strekk
og tenkjer nok at eg
Kan nok aldri føde
eg er for psykisvak (ahaha)
Rydde etter døde
eg er for psykisvak
Lei av å øve
og lei av å lage mat (aha)
i går så haldt eg hovudet høgt
ikkje i dag, ikkje i dag, ikkje
i dag er eg psykisvak
Eg sit og ligg og står heilt stille
utan å ha det gøy
Har gløymt alt det eg liksom ville
få til innan eg skal døy
Alt av lyst er borte vekk
og på skjorta mi er det ein ny flekk
og det kallast ein knekk
når eg tenkjer at eg
Kan nok aldri føde
eg er for psykisvak (ahaha)
Rydde etter døde
eg er for psykisvak
Lei av å øve
og lei av å lage mat (aha)
i går så haldt eg hovudet høgt
ikkje i dag, ikkje i dag, ikkje
i dag er eg psykisvak
Alle folk der ute som kjenner seg psykisvak
ikkje berre er du svak, men du er også dum
Men du er ikkje så dum at du trur at du er smart
om du trur at du er kjempesmart
Ja då er, då er, då er du nok psykisvak
Det er ikkje din feil at dagen min i dag
var litt bedriten, men eg svergar
om du ikkje hjelper til går eg til spriten
kan du for ein gong vera stor
så kan eg få vera liten
for eg orkar snart ikkje meir
Eg vil òg eta dritmat og vera dritlat
men eg et desperat salat
for å vera ein delikat kandidat
tek notat, etter mine estimat
mistar du straks ditt mandat
Sjå på meg
Kan du høyre etter plis
Kan du reise deg
Kan du koma med bevis
at du vil hjelpe meg
med å skape paradis
for eg orkar, orkar ikkje meir
Og eg kan rydde, rydde, rydde, rydde
rydde, rydde opp alt rotet
Eg angrar på at eg gav deg ein så høg liggekvote
Er det rart at desse damene mistar motet
Detta er ikkje noko for meg
Sjå på meg
Kan du høyre etter plis
Kan du reise deg
Kan du koma med bevis
at du vil hjelpe meg
med å skape paradis
for eg orkar, orkar ikkje
sjå på deg eller høyre
Kan du reise deg
Kan du koma med bevis
at du vil hjelpe meg
med å skape paradis
for eg orkar, orkar ikkje meir!
Alltid for sein, eg lengtar ikkje heim
til kalde golv og skjermar me kan glo på
Du treng ikkje vente, her er veldig lite å hente
berre ting eg ikkje orkar setje ord på
Ingen utstrakt arm frå meg
eg er så redd for at du ikkje tek den
Ingen kjærteikn er på veg
me sit åleine saman gjennom vetteren
og når isen smeltar av, og eg minnest att meg sjølv
Er det lett å gløyme at du er ein del
og eg greier ikkje seie, at eg for lengst har blitt lei
av å håpe at du plukkar opp mi sjel
Det er berre deg og du veit det
Me hadde eit band som me sleit kån ifrå
Eg lurar så på kva du tenkjer på no
har det noko med meg å gjera
Eg veit ikkje kven eg skal vera
eg trur ikkje eg greier å bera
på denna tanken om at berre du
kan få meg til å snu på ein øring så liten
Kvifor kjenner eg meg så bedriten
Kvifor gjer alle dagar meg sliten
når eg ikkje kan klamre meg kring
ei dyne så dobbel at tankar forsvinn til i morgon
Det er berre med deg eg har trudd det skal vare
tenkt at betre enn dette kan ein umogeleg ha det
dei tre store orda eg hugsar eg sa det
og sjølv om du sov var eg redd likevel
Eg veit ikkje kva eg skal seia deg
om kvifor det blei slik det blei
eg tenkjer at av og til er det for seint
eller for tidleg, eller noko av begge
No er det på tide å legge seg
No er det på tide eg hentar meg inn att
til planen eg la om å få det så bra
som eg kan
Det er berre med deg eg har trudd det skal vare
tenkt at betre enn dette kan ein umogeleg ha det
dei tre store orda eg minnest eg sa det
og sjølv om du sov var eg redd
For det er berre med deg eg har trudd det skal vare
tenkt at betre enn dette kan ein umogeleg ha det
dei tre store orda eg minnest eg sa det
og sjølv om du sov var eg redd likevel
Grip etter deg slik ein grip etter luft
grip etter meining ventar på fornuft
Må hugse å eta, må hugse på namnet mitt
hugse å drikke så eg kan gløyme deg litt
Kven er eg, visste det då
eg var med deg, veit ikkje nå
Det var enklast då eg sat fast i ein ende
no driv eg av stad inn i nådelaust lende
Teken av stormen du kan tilbake i gjenget
no driv eg av stad og finn aldri attende
Smelte meg om til ei dugeleg skjorte
som alltid held rundt deg, som aldri blir borte
Må berre kjenne, eg må berre sjå deg
Kvifor lét du det skje, kvifor reiste du frå meg
Kven er eg, visste det då
Eg var med deg, veit ikkje nå
Det var enklast då eg sat fast i ein ende
no driv eg av stad inn i nådelaust lende
Teken av stormen du kan tilbake i gjenget
no driv eg av stad og finn aldri attende
Eg vil ikkje ut i dag
eg vil ligge her i eit teppe
Kan ikkje på demonstrasjon
eg må ligge her i eit teppe
Eg orkar ikkje spele gitar
det er ikkje like moro som det ein gong var
eg gledde meg til mange ting
no ligg eg her og håpar eg kan sleppe
Lage mat er vanskeleg
samanlikna med å ligge i teppe
Springe 3000 meter er vondt
om ein er vane med å ligge i teppe
Bør eg betale ned lån
og kjøpe meg ei børse og eit fiskegarn
ein veit aldri kva som vil skje
kanskje er det på tide å preppe
Om eg no ser på nyheiter
så sit eg ikkje utan teppe
Seier dei at det blir betre snart
så tenkjer eg, det gjer det neppe
når folk har det så vondt og kaldt
med blod og bomber overalt
så skammar eg meg for at eg aldri har vore redd
og for at eg og ikkje dei har eit pledd
at eg og ikkje dei har eit pledd
at eg og ikkje dei har eit pledd
Kan du tru det dei sa, det dei gjorde
Finst ingen menneskerettar, ingen på kontoret
Berre hendar med pengar får sitja med det store bordet
Lyden av kampfly som lettar leitar etter det rette ordet
Ungdom pustar i ein langsiktig kropp
Gamle rustar kortsiktig opp
Straumen er dyr og draumen din er lagt ut for sal
Ljoset og skinet i augo dine er eit lite tal
Gje meg livet ditt på eit oljefat
så skal eg gje deg nokon som du kan hate
late som
Ned frå himmelen, eg har akkurat landa
Våpen i handa, laga for å skyte nokon ungar i panna
Drone-error-terror, eg kan sitja her og sjå på det
Målet er å gje absolutt alt for å nå det
Gje meg livet ditt på eit oljefat
så skal eg gje deg nokon som du kan hate
late som
Drone-error-terror, eg kan sitja her og sjå på det!
Målet er å gje absolutt alt for å nå det
(hate late som)
Noko luktar rart, noko smakar feil
Eg greier ikkje tenkje klart
greier ikkje tenkje meir
Kan du tru meg når eg seier
at eg ikkje trur på nokon ting
Kan du tru på ingenting
Hald meg, eg er litt kald eg
Hald meg, eg er litt kald eg
Eg tenkjer på ting som har vore
ting som er skjøre, alt ein bør dele
flammer å kvele
Ting utan nytte, ting eg må bytte
stader å flytte, at eg bør lytte meir
Stor, liten, vaken, sliten,
gamal, ung, lett og tung
Allting skjer på likt, allting skjer på sikt
eg får vel aldri sjå det
Sjå meg, sjå meg
kle av meg, kle på meg
ta meg, slå meg
Hugse, tenkje,
ligge, vente
kva var det som hende?
Hald meg, eg er litt kald eg
Hald meg, eg er litt kald eg