I denne hundesporten er glede, samspel og haldninger det aller viktigaste. Ønsket er at alle øvingane skal utførast på ein naturleg og flytande måte. Det er viktigare med samarbeid, godt humør og ei positiv haldning enn presisjon. Øvingane kan bestå av moment frå lydigheit, freestyle og agility alt etter i kven av dei fire klassene ein går i.
Rallylydigheit blir utført ved at ein orienterer seg etter dei 15 – 22 nummererte skilta som er sett saman til ei bane av ein dommar. Skilta fortel deg kva du skal gjere, anten på staden eller vidare til neste skilt - derav namnet Rally. Mellom øvingane som står på skilta skal ekvipasjen gå line-føring/fri ved fot, dersom ikkje anna er forklart på skiltet. Dommaren held seg taus under heile konkurransen og trekker poeng etter som ekvipasjen gjer feil undervegs.
Sykkylven Hundeklubb har mange aktive ekvipasjar i rallylydigheit, og vi har faste treningar kvar tysdag frå klokka 18.00-20.00. Før stemne blir det gjerne lagt opp til fleire treningsøkter, men det er også mogleg å gå saman og låne nøkkel til lokala våre for eigen- og fellestrening utanom fast treningstid.
Når vi trener kan det vere greitt å lage seg ein plan for treninga, kva moment ein vil forbetre og vanskegrader.
Under trening og innlæring er det fleire ulike belønningsmetodar ein kan bruke. Her må du finne ut kva som triggar hunden din best.
Er det godbitar, leike eller verbalt? Under konkurranse er det ikkje lov å gi godbitar (berre i rekruttklassen) og då er den verbale belønninga god å ha.
Ein av de mest basic tinga er å ha ein god "Fot", det vil seie at hunden går på di venstre side. Pass på at den ikkje er skeiv, går framføre, for langt bak. Denne "foten" er superviktig i transport-etappane (det vil seie mellom skilta) og hunden er fokusert og klar til å utføre neste skilt i bana.
Bakpartskontroll er ein viktig del i rallylydigheit. Der er mange vendingar og vridingar der hunden skal flytte seg etter oss, og då må bakparten følgje med.