Velkommen til Sykkylven hundeklubb
Måndagstrening kl. 18.00-19.00
Måndagstreningane er open for alle medlemmar. Her er fokuset på sosialisering av hundane (og eigarar) og eigentrening. Lokalet inne og uteområdet kan nyttast. Ein vert vil ønskje deg velkomen og rettleie og svare på spørsmål. Verten er ikkje ein instruktør, men kan vise enkle ting, evt. formidle kontakt til ein instruktør eller type kurs.
Tysdagstrening kl. 18.00 - 20.00
Ringtrening (Utstilling)
På ringtrening øver vi på element som er viktig i utstilling, som er ei eksteriørbedømming av hunden. Her skal hunden bli vist på best mogleg måte. Vi trenar på å gå med utstillingsband, stille opp på golv eller bord, tannsjekk og handtering av hunden. God flyt og rett gange for å vise fram gode bevegelsar.
Rallylydnad
Rallylydnad er ein morosam veg inn i lydnadsverda. Samspel og treningsglede er viktig. Vi varierer treninga med ulike skilt av varierande vanskegrad, og set av og til opp heile baner. Grunnleggande moment er kommandoane "Sitt, stå, dekk og bli". Bruk av leike og godbitar som belønning og motivering for hunden. Vi er både ute og inne, alt etter vêret.
Onsdag og torsdag er reservert til kursverksemd
For tida har vi stor pågang på kvalpekurs, så desse dagane er sett av til dette. Påmelding til kursshk@gmail.com, kvart kurs har max. seks deltakarar.
Passeringstrening
Dette er eit av lågterskeltilboda våre. Vi møtest på ulike stadar og trener på å kunne passere kvarandre utan at hundane utagerer. Her er det fokus på kontakt mellom hund og eigar. Tid og stad blir annonsert på Facebook-sida vår : Sykkylven Hundeklubb.
Vi har vore i sentrum, Oddane på Aursnes, Heiane og Sunndalen. Kjempegod trening for hundane.
Vi har fått oppretta grasrotandel fra Norsk Tipping, og vi blir glade for alle bidrag :)
Vi ønskjer å nytte midlane til forbetring og oppgradering av utstyr og lokale/uteområde, som igjen vil gi medlemmane betre treningsområde.