Pårørandegruppa ved Ørstaheimen inviterer til ein dag der vi er saman om demens måndag 22. september 2025. Dette blir ein dag med fagleg påfyll, personlege historier og rom for å dele erfaringar. Arrangementet er ope for alle – både pårørande, helsepersonell, politikarar og andre interesserte.
NÅR: 22. september 2025 kl. 10.00-15.30
KVAR: Ørsta kulturhus
Demens rammar stadig fleire. For at pårørande skal klare å stå i det over tid, treng dei støtte, kunnskap og forståing frå både fagfolk og samfunnet rundt.
🎟 Arrangementet er gratis og ope for alle.
Det blir enkel servering, og vi håper mange vil kome – anten du er pårørande, helsearbeidar, frivillig, politikar eller berre nysgjerrig.
Velkomen til ein dag med alvor, innsikt, håp og fellesskap!
Bidragsytarar:
Paret er forfattarar og artistar, og dei hamna sjølve i pårøranderolla - og sakna gode råd. Det førte til suksessboka " PÅRØRENDESJOKKET - GPS for alzheimerpårørande. Seinare gav dei ut læreboka "PÅRØRENDEFOKUS I DEMENSOMSORGEN"
Deler erfaringar og råd som kan bidra til å gjere pårørande betre rusta til å møte små og store konsekvensar som følge av sjukdomen.
R. Kveine er cand.mag., sosionom, pedagog og artist.
G. Erlien er arkitekt og by planleggjar med leiarerfaringar frå ulike verksemder. Forfattar og artist
Overlege ved Hukommelsesklinikken, Geriatrisk avdeling ved Oslo universitetssykehus. Han er spesialist i geriatri, der hans spesialfelt er bruk og tolkning av kognitive tester.
Leiar for pårørandegruppa ved Ørstaheimen og etterlatt etter mange år som pårørande til ein ektefelle med Alzheimer. Med si eiga historie gir ho eit nært bilde av kor djupt demens rammar- ikkje berre den sjuke, men også dei som står nær.
Du kan melde deg på her: https://forms.gle/1jSgiS9ZUjMFqy1Z7
Du kan også sende SMS eller ringe til 93 66 79 97 eller 47 23 74 04