"Å laga ting med hendene er å tenkja med fingrane."
Johann Amos Comenius
"Å laga ting med hendene er å tenkja med fingrane."
Johann Amos Comenius
Velkomen til Gerhardson sløyd & forming – ein liten verkstad med stor kjærleik til tre, handverk og skaparglede. Her får du kurs og aktivitetar som tek utgangspunkt i tradisjonelle teknikkar, solide materialar og magien som oppstår når ein jobbar med hendene.
Eg held til i Øygarden, der eg byggjer opp eit fagmiljø rundt sløyd, trearbeid, grønn sløyd og etter kvart sveiping. Målet vårt er å skapa rom for læring, meistring og gode opplevingar – anten du er heilt ny i faget eller har holdt på litt lengre.
Sida er under arbeid, det same er verkstaden. Eg håpar å få dei første kursa i gang i løpet av våren 2027. Ta gjerne kontakt om du har ynskje om kurs, vil samarbeida, eller berre slå av ein prat om handverk.