Ofte stilte spørsmål & svar
Ofte stilte spørsmål & svar
Eg arbeider etter prinsippet «Å laga ting med hendene er å tenkja med fingrane.» Handverket er ikkje berre ein teknikk, men ein måte å utvikla mennesket på. Produkta mine blir til gjennom tid, nærvær og ein personleg prosess – ikkje masseproduksjon.
Eg lagar sveipte boksar, små sløydprodukt, treøskjer, verktøykasser og ulike nyttegjenstandar i tre. Alt blir laga i småskala med fokus på kvalitet, berekraft og lang levetid.
Eg brukar i hovudsak lokalt trevirke frå sagbruk i Vestland. Når kvaliteten ikkje er avgjerande, kan eg nytta materiale frå lokale byggevareforretningar.
I oppstartfasen blir bestillingar vurdert individuelt. Du kan ta kontakt via kontaktskjema (når det kjem på plass) eller via Instagram‑melding. Telefon er mogleg, men kan vera vanskeleg å handtera profesjonelt når eg jobbar aleine.
I utgangspunktet tek eg ikkje spesialbestillingar no i oppstarten.
Har du ein idé eller skisse, kan vi ta ein dialog og vurdera det saman.
Sveipte boksar: som regel på lager når eg startar opp produksjonen, leveringstid ca. ei veke eller så raskt posten leverer.
Personleg preg: avtales individuelt.
Reparasjonar, sløydprosjekt og bestillingsarbeid: avtales direkte med kunden.
Ja. Alle produkt eg lagar sjølv blir sendt til heile landet etter posten sine takstar. Reparasjonsobjekt og større spesialoppdrag blir avtalt direkte med kunden.
Nybyrjarkurs i:
skjærefjøl
liten treøskje
grønn sløyd (spikking av knagg, krympekopp)
Kurs i sveiping kjem etter kvart når logistikken rundt tørketid er på plass.
Målet er å gi deltakarane grunnleggjande erfaring med trearbeid og verktøybruk dei kan ta med seg vidare.
Kursa er praktiske og inneheld:
demonstrasjonar
steg‑for‑steg‑forklaringar
felles gjennomgang
individuell rettleiing
Deltakarane får med seg eit ferdig produkt, eller eit produkt dei kan fullføra heime.
Materialar kjøper deltakarane av meg.
Eg har det meste av verktøy, men deltakarane får ei anbefalt verktøyliste.
Kurspris varierer mellom kursa, men filosofien er at deltakarane betalar det dei har råd til mellom ein minste og makspris
Dette håpar eg kan bidra til at økonomi ikkje hindrar nokon i å delta.
Prisen inkluderer lån/leige av verktøy, kaffe/te og snacks.
Materialar kjem i tillegg.
Påmelding skjer via checkin.no. Når kursa blir lagt ut, kan du melda deg på der.