Pris: 600 kr
Vipps: 546800
Kontonr: 4137.30.19877
Kontakt Lovise Warholm Skeide tlf 48 13 50 34 ved spørsmål.
- Låse opp skulen: Hald kodebrikka mot 8-talet på tastaturet for å låse opp ytterdøra. Ytterdøra går automatisk i lås, så hugs å ta med kodebrikka viss alle går ut. Kode til ytterdør treng ein berre på søndagar (du får den ved behov). Den vanlige nøkkelen bruker ein til dørene inne i bygget.
- NB! Ventilasjonsanlegget skal slåast på med ein gong ein kjem inn i bygget. Knapp for ventilasjonsanlegget er på vegg til høgre i gang inn mot kjøkkenet/garderobar.
Brukar pliktar å sørge for at alle dører og vindauge er forsvarleg låst når dei forlet bygget og at ingen uvedkommande er inne.
- Bygget har alarm som koblar seg inn kl 23.00 kvar dag. Utløysing av alarmen som fører til utrykking av vaktselskap, vil føre til gebyr som vert belasta brukar. Ved utløysing av alarm ring 91 11 42 42 (teknisk vakt) for å melde frå om falsk alarm med ein gong. Dette gjeld også dersom brannalarmen løyser seg ut, og det er falsk alarm.
- Brukar pliktar å gjere seg kjend med plassering av brannsløkkingsutstyr og rømningsvegar, samt å sørge for at ingen av desse er blokkerte.
- Vis varsemd ved bruk av skulen sitt utstyr. Leigetakar pliktar å melde frå om øydelagt utstyr, samt å erstatte dette. Alt utstyr som er brukt, skal ryddast på plass.
- Brukar må sette seg inn i kjøkkeninstruksar og følge desse. Desse er plasserte på kjøkkenet. Brukar skal gjere reint heile kjøkkenet. Dette gjelder også golv.
- Brukar skal gjere reint alle golv i dei romma som blir brukte.
- Brukar skal nytte seg av toalett i garderobar.
- Søppel skal ut av bygget og settast på søppelrommet til skulen. Søppelrommet ligg til høgre når du går ut av hovuddøra på skulen.
- Brukte moppar/klutar skal leggast i ein plastpose i yttergangen på skulen under branntavla. Når du er inne og skal gå ut hovuddøra, ser du denne branntavla på høgre side.
- Kode til garasje med leiker får du ved leige.
Viktig! Hugs å drage over/vaske gulv og rydde gymutstyr/leiker tilbake på rett plass 🙂