Velkommen til Den Stygge Andungen ultraløp!
Så du lurer på å bli med på
"Den stygge Andungen ultraløp?"
Ja vel, det er ditt valg.
Men du er vel her for å teste kva du er god for! 


Påmelding til Den stygge Andungen ultraløp 2026 er godt i gang. Løpet går av stabelen 24. mai ved Bekkjavatnet!   


Den stygge andungen ultra går rundt Bekkjavatnet og opp/ned Hafstadfjellet i Sunnfjord. Det er totalt 10 etappar. Start kl. 08:00 for første runde rundt vatnet. Ny fellesstart kvar heile time – er du ikkje på plass til ny start, er du ute av løpet. Enkelt? Kjem du litt før heil time, kan du ete, drikke og hente deg inn før neste runde startar.

Kvar runde rundt Bekkjavatnet er 6,75 km. Det er 8 etappar som går rundt Bekkjavatnet – totalt 53,6 km. I tillegg er det 1 etappe opp Hafstadfjellet på 4,8 km og 420 høgdemeter. Etappen ned frå Hafstadfjellet er 6,2 km. Totalt er løpet 65 km langt og har til saman 780 høgdemeter.

Den 10. etappen er finalen. Ikkje alle kjem seg dit, men dei som gjer det, må i denne siste og avgjerande etappen rundt Bekkjavatnet forsøke å krysse målstreken først. Førstemann og kvinne er vinnarane av Den stygge andungen ultra!

Rekordar for 10-ende og siste etappe har:

Herreklassen: Knut Osland Øygard:
27 min 43 sekund (2025)

Kvinneklassen: Adele Marie Hauge:
31 min 20 sekund (2025)

"If it looks like a duck, runs like a duck, and smells like a duck, then it probably is an ultra runner."