Vil du vere med i crew?
VIL DU VERE MED I CREW?
Vi treng fleire i CREW, og vi vil ha deg med på laget!
BurnOut Dataparty ynskjer frivillige til framtidige arrangement.
Anten du har interesse i gaming eller vil vere sosial, om du ynskjer å hjelpe oss, er du hjarteleg velkommen hos oss! Arrangementa våre er for ungdom, arrangert av både ungdommar og vaksne. Har du noko du vil bidra med til å hjelpe oss å arrangere? Bli ein av oss då vel! Vi treng fleire medlemmar til ulike oppgåver for å sørge for at ungdommen har ein fantastisk ferie med oss.
LAN er ein sosial samankomst der heftige ting skjer! Ingen behøver å spele konstant med mindre ein føretrekk dette sjølv, for eit datatreff er så mykje meir! Ein møter ikkje berre nye vennar, ein får moglegheita til å bli ein del av miljøet, spele saman og ikkje minst føle seg inkludert! Bli med der det sprøe og artige skjer, du vil ikkje angre!
Om du ikkje veit kvar du vil, send oss fortsatt ein forespurnad, så finn vi ein plass til deg!
Send oss din søknad på: wannabe@ulsteinlan.com, eller skriv til oss på Facebook/Messenger: UlsteinLAN eller BurnOut Dataparty.
Vi ser etter:
Game-Crew
I Game-Crew jobbar du i eit team som er ansvarlege for spelkonkurransar og lokale spelserverar.
Har du:
Ein lidenskap for spel?
Lyst å lære meir om serverar og nettverk?
Litt kunnskap om server?
Brenner du for E-sport?
Ynskjer du å bli med i Game-Crew? Då er det berre å søkje. Opplæring og tidsplan vil bli gitt.
Medlemskoordinator
Ein medlemskoordinator jobbar med å gi våre medlemmar gratis ting som blir utdelt under arrangementet.
Medlemskoordinator skal óg få vite når alt skjer under arrangementet, og korleis ein skal henvende seg om eventuelle, og meir avanserte spørsmål. Vi treng minst to personar i denne rolla, og helst over 16 år.
Handternig av spørsmål fra deltakerar
Finne ting å gi vekk til medlemmane under arrangementet fra bedrifter
Handtering av pant/pantelotteri
Tett sammarbeid med alle crew
Dronepilot
Det innebere ei stilling som ikkje finst i dag, men er sårt trengt. BurnOut Dataparty har ei Drone av typen «DJI Phantom 4» som vi ser etter ein pilot/fotograf til.
Filming rundt arrangementet for Media, og promotering
Dette skjer i tidsrommet før og under arrangementet
Vakter
Her krever vi ein myndig person, dvs. over 18 år med plettfri vandel.
Er du foresatt eller bare har ferie og ikkje veit kva du skal gjer på?
Oppgåver under arrangementet blir innsjekk, vaktrunder rundt inne og utanfor lokalet. Vi har 24-timers vakthold da det alltid er nokon våken.
Vaktene blir delt opp i vaktlag med ein tidsplan
Media
Ingen krav til alder
Erfaring med bilde og videoredigering. Vi brukar Adobe sine produkter i dag, så vi lett kan jobbe saman.
Oppsett av nettside og oppdatering av informasjon til deltakerane. Vi brukar WordPress.
Oppgåvene i Media-crew er å planlegge arrangement tema og oppsett av nettstad. Ta bilder før og under arrangementet, filme, streaming, redigere bilder og videoar. Vi lagar også effekter/bannere til nettsida, facebook og andre sosiale medier.
Kiosk
Må kunne jobbe i team, må takle å jobbe natt, kan til tider være høgt tempo og null tempo om kvarandre, må kunne «sjå» kva som må/bør gjerast
Rydding, oppvask og eller kjøkkengjøremål
Like å jobbe med ungdom
Nettverk
Vi ser etter ein som har kunnskap eller bakgrunn innen nettverk
Arbeidsoppgåver vil være oppsett av det komande arrangementet, vedlikehald og vakt på dag/nattestid. Nettverket skal være oppe uten brudd under heile arrangementet.
Airsoft
På kvart arrangement arrangerer vi Airsoft og trenger sårt crew-medlemmar som kan halde det. Det inneberer salg av runder, vere dommar og og passe på at reglar blir fylt.
Du må være minst 16 år, helst 18