Helsesjukepleier

Ellinor Fivelstad 

Helsesjukepleiar sitt arbeid i ungdomsskulen 


Helsestasjons- og skulehelsetenesta er eit lovpålagd helsetilbod til alle barn og unge 0-20 år. Tjenesta er tverrfagleg og grunnbemanninga er helsesjukepleiar, jordmor, lege og fysioterapeut. Skulehelsetjenesta skal vere lett tilgjengeleg og gratis, med fokus på helsefremjing, førebygging og tidleg intervensjon. 

Målet til helsestasjons- og skulehelsetenesta er å:
•    Fremje psykisk og fysisk helse
•    Fremje gode sosiale og miljømessige forhold
•    Førebygge sjukdom og skadar

Trefftid på Stranda ungdomskulen: Tirsdagar og Torsdagar 08:30-14:00

Elevar frå alle klassetrinn er velkomne til å ta turen innom helsesjukepleiar i trefftida. Det er eit lavterskeltilbod og krev ikkje timebestilling eller ein særleg grunn for å ta kontakt. Lærar må få beskjed.
Vi er der for å lytte til eleven, gje råd, gje tryggleik og å vere der for barna.
Om det er ønskeleg kan time avtalast ved helsestasjonen.

Fast program

8.klasse: individuell helsesamtale, samt måling av høgde og vekt, med alle 8.klassingane - informasjon om samtalen blir sendt ut til foreldra på hausten

9.klasse: undervisning om prevensjon, seksuelt overførbare infeksjonar og seksuell helse 

10.klasse: boostrix polio-vaksine (informasjon og samtykkeskjema vert sendt heim med eleven i forkant). 

Helsestasjon for ungdom onsdagar 13.30 - 15.30

Lokasjon: 1. etg inngang til legekontor "under trappa" Øyna 13

Onsdagar - tilgang på helsesjukepleiar og lege. Klassene har plakat på klasserommet med treffetid og telefonnummer.