Informasjon til heimen
Oppdatert 03.05.24
Lenke til fast informasjon til trinnet og anna informasjon for heile Motland skule.
Denne veka er det fri på torsdag 9. mai grunna Kristi himmelfartsdag, og fri på fredag 10. mai. Elevane har bare lekse på måndag og tysdag denne veka.
Minner om at chromebook skal ladast heime den dagen dei har digital lekse.
NB! Elevane får diplom når dei har klart symjemerker som skilpadde, pingvin, selungen ol. Dei kan ikkje lenger kjøpe desse merkene på skulen. Dei får fortsatt 25 meters merket gratis og dei kan kjøpe distansemerker som 100 m, 200 m, 500 m og 1000 m, i tillegg til at dei får diplom for det. Dersom elevane vil kjøpe distansemerker, må de vippse 40 kr til Motland skule #522554.