Informasjon til heimen
Lenke til fast informasjon til trinnet og anna informasjon for heile Motland skule.
Onsdag: Det blir idrettsdag i Loen på onsdag 12.06. Elevane bør ha klede som er lett å bevege seg i, og kle seg etter været. Me tek med kantinemat, så elevane som til vanleg får mat i kantine treng ikkje ta med matpakke. Dei må ha med vannflaske.
Det vert kun leselekse denne veka.
Dersom elevne har lånebøker dei ikkje skal lesa heime i sommar, må de hugsa å levera dei inn før ferien.
Det er dei same elevane som hadde symjing sist som skal ha symjing denne veka.
Sommerles starta opp 1. juni. Me oppfordrar alle til å lage konto/logge seg inn på www.sommerles.no. Les kjekke bøker gjennom heile sommaren og vinn kjekke premier. Sjå eige infoskriv som blei delt ut i sekken fredag.
Det er fleire elevar som gløymer gymklede. Fint om de hjelper dei å hugse det.
NB! Elevane får diplom når dei har klart symjemerker som skilpadde, pingvin, selungen ol. Dei kan ikkje lenger kjøpe desse merkene på skulen. Dei får fortsatt 25 meters merket gratis og dei kan kjøpe distansemerker som 100 m, 200 m, 500 m og 1000 m, i tillegg til at dei får diplom for det. Dersom elevane vil kjøpe distansemerker, må de vippse 50 kr til Motland skule #522554. NB! Ny pris på merker er nå 50 kr.
Siste skuledag for elevane på 3. trinn er torsdag 20. juni. Dagen er ferdig kl. 11.00. Elevane kan ha med seg snop til 30 kr, i tillegg til ei lita brus/jus/sjokomelk eller liknanande. Energidrikk er ikkje lov.