4. trinn

Varhaug skule - Me løfter kvarandre

Informasjon til heimen

Sist oppdatert:  15.06.24

Informasjon til heimen blir oppdatert i slutten av kvar veke - hugs å sjekk her før ny veke startar!

--------- Ny info -------- 

CB-ladar: Alle elevane skal levera inn ladaren før sommarferien. Ta den med på skulen seinast onsdag 19. juni.


Siste skuledag: Torsdag 20. juni er siste skuledag før sommarferien. Elevane treng ikkje vanleg skulesekk. Alle kan ta med snop for 40 kr og ei lita flaske med saft/brus.


1. skuledag etter sommarferien: 1. skuledag etter sommarferien er torsdag 15. august. 

--------- Ny info -------- 

Sommarles: Frå 1. juni til 31. august kan alle som går i 1.-7. trinn delta på Sommarles.no. Sommarles gjer lesing endå kjekkare, og det er heilt gratis å vere med. Her finn de infobrev til føresette.

--------- 

Kontaktlærarar neste skuleår: Det blir litt endringar på kontaktlærarar når elevane startar i 5. klasse. Hildi fortsett som kontaktlærar for D. Dei andre kontaktlærarane på trinnet blir: A-Christine Tjensvoll, B-Cecilie Sandstøl og C-Marianne Bratland Paulsen.

--------- 

Symjemerke: I løpet av symjeopplæringa på Varhaug skule har elevane utvikla sin symjedugleik. Dei siste øktene med symjing vil elevane som ønskjer bli testa i om dei klarer å symja 25m, 100m eller 200m utan pause (dette gjeld Neptun. Mars og Jupiter begynner i slutten av mai). Alle som klarer dette vil få utdelt ein diplom som viser kva symjemerke den einskilde har teke. Den vil eleven få med seg heim.


Utanom denne kan elevane få kjøpt eit merke som kostar 50 kroner. Det er sjølvsagt frivillig å kjøpa dette. Dersom de ynskjer dette merket, gje skriftleg melding til lærar etter at eleven har fått diplom. Merket vil verta utlevert når pengane er betalt. De kan betala på Vippsnr. 546584 og velja kategori symjemerke.

--------- 

Headset: Fleire elevar på trinnet har ikkje headset på skulen. Me set pris på at flest mogleg har dette tilgjengeleg på skulen.  

--------- 

Fast informasjon:

Kroppsøving: Alle gruppene har kroppsøving på fredagar. Den dagen elevane skal ha gym alle ha med gymsko, gymtøy, handklede og såpe. Elevar som ikkje har gymsko/gymtøy må sitja å lesa på sida.

Symjing: To grupper (3-deling) har symjing kvar torsdag. Gruppe 1 reiser kl. 09:50, og gruppe 2 reiser kl. 12:20. Sjå eigen plan for torsdagane under "Planar, lister og referat". Der ligg også plan for kven som skal på symjing kvar gong.

Innesko: Alle må ha innesko som ligg på skulen.

Skifteklede: Det er lurt at elevane har skifteklede på skulen. 

Leksehjelp: Me har tilbod om leksehjelp kvar måndag, onsdag og torsdag kl. 13:55-14:15 i klasserommet til 4B. Leseleksa må ein gjera heime.


Her finn de FAUs anbefalinger for bursdagsselskap