Her vil trinnet leggja ut relevant informasjon til føresette gjennom skuleåret. Informasjonen vil i utgangspunktet bli oppdatert kvar fredag.
Det er viktig at de følgjer med på nettstaden før ny veke startar. Legg gjerne til ei påminning i kalenderen din.
Sist oppdatert: 27.03.26
1. skuledag etter påske: Onsdag 8. april er 1. skuledag etter påske.
Tomatplante: Elevane får med seg tomatplanten sin heim til påske. Me håpar at dei fortsett å passa godt på at planten får nok vatn og lys. Plant den ut i slutten av mai. Så håpar me at de får hausta mykje tomat i sommar. Meir info om tomatprosjektet kan de finna her på linken frå skolefrukt.no.
----
Kontaktlærarar 4. trinn:
4A: Åse Marie Varhaug
4B: Erlend Kvia
4C: Ruben Dvergsdal
4D: Trine Fisketjøn
Gjengløymde klede: Det ligg gjengløymde klede i garderoben. Kom gjerne å sjå om de manglar noko. Klede som ikkje er merka og ligg igjen etter påskeferien, vert gitt vidare til veldedig formål.
----
Leksehjelp: Frå neste veke blir det leksehjelp etter skuleslutt tysdag og onsdag.
----
Referat frå foreldremøte 27.01.26:
Her finn de presentasjon frå fellesdel med Johan.
Her finn de presentasjon frå trinnet.
----
Referat frå foreldremøte 28.08.25:
Her finn de presentasjon frå fellesdel med Johan.
Her finn de presentasjon frå trinnet.
Skuledagane:
Skulen opnar kl. 08.10 kvar dag.
Måndag: 08.15 - 13.55
Tysdag: 08.15 - 11.10
Onsdag: 08.15 - 13.55
Torsdag: 08.15 - 13.55
Fredag: 08.15 - 13.55
Kroppsøving: Alle gruppene har gym på onsdagar. Elevane må ha med gymsko, og det er det lurt at dei har klede som er gode å røre seg i. Elevane skal dusje etter gymtimen. Elevane må ha med handklede, såpe og skifteklede.
Symjing torsdagar: Hugs symjeklede, badehette, såpe og handklede. Sjå eige skriv om når dei ulike gruppene har symjing.
Innesko: Alle må ha innesko som ligg på skulen.
Skifteklede: Det er viktig at elevane har skifteklede på skulen. Hugs på at elevane har ekstra undertøy. Pass på at elevane har sko som dei kan ta på sjølv.
Leksehjelp: 3. trinn har leksehjelp måndagar og onsdagar kl. 14:00-14:20. Gje beskjed til kontaktlærar om det er aktuelt for ditt barn.
SFO
SFO åpner 06.45 (i feriar opnar SFO kl. 07.00), og då møter elevane i SFO-rommet.
Det er ynskjeleg at beskjedar blir lagt inn i "nærvær" og ikkje som melding. Ved å legge inn i "nærvær" får alle ansatte som er innom krysslistene med seg beskjedane.
Hugs på å få kontakt med ein i personalet når du hentar barnet ditt.