BaseCamp er det nyaste frå Garmin innan kartprogram for frilufts gps og bil gps.
Det vil sei Basecamp vart levert saman med topokart i starten, men har vorte utvikla vidare
til også annan bruk etter at MapSource vart annonsert som utfasa.
Denne les og viser kart både frå gps og pc installerte kart.
BaseCamp er vidt forskjellig frå MapSource og inneheld mangen nye fungsjonar, sjølv om den
fremdeles er under utvikling og manglar nokon av fungsjonane til MapSource.
Den første tingen du vil merka er at den har database og lagrar dine ting automatisk i databasen utan "lagre".
Potensiale for å lage avanserte bruksanvisningar innan BaseCamp er enormt, men for at dette ikkje skal bli
ei side for berre "dei vidarekomne" skal eg begrensa meg til det folk vanlegvis brukar.
Filformat.
BaseCamp kan i dag importera fil formata: .gdb .gpx .kml .kmz .loc .tcx og .jpg .jpeg