BØMLOBADET

Bømlobadet vil bli eit stort idretts– og badeanlegg med eit bruksareal på 198 0 m². Av dette er 750m² vatnareal, 700m² landareal og 530m² serviceareal.

Familiebadet vil ha eit vatnareal på 270m² og ha ein temperatur på 31˚C. Her vil ein finne bylgjebasseng, strandsone med bylgjer, klatrevegg, straumkanal, leikebasseng, rutsjebanar med mer. Rundt badet vil det vera 300m² landareal med sitjegrupper og serveringsareal for mat, is, salat og drikke.

Velvære-/helsebadet vil ha eit vatnareal på 110m² og temperatur frå 31˚C til 38˚C alt etter bad.Her vil ein finne varmtvatn med sitje- og liggjesoner, vatnmassasje, dampbad, boblebad, kaldkulp, badstu og varmerom. Tids-skriftsavdeling, servering og uteareal for heilårsbruk med varmekulp. Rundt vælverebada vil det vera 150m² landareal med sitje– og liggjegrupper.

Idrettsbadet vil ha eit symjebasseng på 25 x 15 meter med stupanlegg, 1 meter svikt og stupetårn. Djupna vil variera opptil 3,6 meter. Landarealet rundt idrettsbadet vil vera på 200m². Det er planlagt ei løysing der ein koblar saman idrettsbadet med familiebadet for å oppnå ei banelengde på 50 m, til trening for symjeklubbar. Det ligg og eit ynskje frå dykkarklubben om ei større djupne i bassenget slik at ein kan trene ned mot 5 meter.

Servicearealet på 530m² vil innehalda ei stor vestibyle med kafeteria og garderobeanlegg der noko vil vera tilrettelagd for familiar og for handicapa. Toalett,dusjar, badstuer, solarium, møterom, tekniske rom og rom for personale. I tillegg er det planlagd eige treningssenter og SPA avdeling.

Gjester

Det anerkjente konsulentfirma Asplan Viak, har laga ei utredning om besøkstal for Bømlobadet. Berekningane visar at eit besøkstal rundt 100 000 er meget sannsynleg og all erfaring visar at Asplan Viak er veldig forsiktige i sine berekningar, ei erfaring me les frå tilsvarande tal frå andre anlegg Bømlobadet kan samanligna seg med.

Slik er tala:

Fastbuande i Bømlo 26 500

Fastbuande i regionen 33 300

Turistar landevegen 32 500

Båtturistar 10 000

Ein finner meir informasjon ved fylgjande linkar