KULLESEIDKANALEN

Vassvegen gjennom Kuleseid - Tida før og etter den første kanalen

”- under hvilket (vårsildfisket) der nemlig kunde paaregnes indvundet større udbytte og sparet menneskeliv saavel som eiendom, naar det ved den paatenkte canal aabnedes den fiskesøgende almue adgang til let samfærdsel mellem fiskepladsene udenfor og indenfor Bømmelø”

Folket på Bømlo – særleg fiskarar og fraktefolk – hadde nok ofte ønskt seg ei lettare farlei enn vestsida av øya i haust- og vinterstormane. Alt frå gammalt må tanken på særskilte sjøvegar vore framme hos mange kystbuarar.

Det har vore spekulert i om namnet ”Kuleseid” kan ha sitt opphav i at både båtar og last vart ”kula” over det smale eidet der hovudløpet går i dag. Det har òg vore sagt at kleber-steinane til reising av den gamle Mostrakyrkja vart frakta på denne måten frå Lykling til Moster. Den stormfulle vinteren 1853 kommenterte amtmannen i Søndre Bergenhus koss båtane vart trekte over eidet – og at ”man ligeledes skar nøtene i stykker for at kunne transportere dem over og derefter sætte dem sammen paa den anden side”.

Men idèen om kanal gjennom Kuleseidet vart alt sommaren 1852 lansert av ordførar Erik Jacobsen Øklandsnes i Finnås herad. Saka vart behandla på Amtstinget, samrøystes tilråding sendt Departementet for det Indre, plan med kostnadsoverslag utarbeidd av kanaldirektøren, departementet sende planane tilbake til Amtstinget som sende dei vidare til Finnås heradstyre, tilbake til Amtsformannskapet – vidare til departementet. I si tilråding rådde Departementet for det Indre Stortinget til å løyva 16.300 spesiedalar til bygging av Kulleseidkanalen. Innstillinga vart ”naadigst bifaldt” ved kgl.res. 22. desember 1853 og vedteken i Stortinget i 1854

Her ser me den første kanalen med trekkvegen.


Ein kan spørja seg kva som gjorde at ein etter måten liten stad som Bømmeløya fekk både fylkes- og statsstyresmakter – og til og med Stortinget – til å handla som dei gjorde. Sjølv om me gjerne vil tru det, var det nok ikkje fordi dette var/er ”øya blant øyar”, men fordi me låg midt i området for det rike vårsildfisket og at kanalen her ville letta samferdsla for alle dei som tok del i dette. Fisket betydde ikkje berre noko for lokalsamfunna her vest, men hadde økonomisk mykje å seia for heile landet.

16.300 spd. var ingen liten sum – omrekna til vår tid vil det seia mellom 3,5 og 4 mill.kr., noko som viser kor stor betydning dette fisket hadde – både hos Amtsting, Amtmann og for Departementet for det Indre.

Kulleseidkanalen, som består av to små og ein stor kanal, var planlagt med ei breidde på 5,3 m og djupne 2,6 m, men då arbeidet var ferdig etter tre år i 1856, var kanalen 3,8 m brei og 2,2 m djup.


Den første brua – og dei første bompengane på øya

Ein liten kuriositet frå denne første perioden er at det då var tre brennevinsutsal i Kanal-området!

Den første brua over kanalen var ei enkel vippe-trebru som kunne heisast opp ved hjelp av handkraft og tauverk.

Den første brua over kanalen.

Langs hovudløpet gjekk ein trekkveg, der ein kunne gå og dra båtane gjennom. På denne tida brukte båtane segl og årar. Me kjenner òg til at trekkvegen vart brukt av kjærastar som ville sverma i dei lyse sommarnettene.

I våre dagar er bompengar eit velkjent omgrep, men dei færraste veit at dette var i bruk for 150 år sidan ved Kulleseidkanalen. Avgifta varierte etter storleiken på båtane – frå 2 til 180 skilling for kvar passering – og varte i 10 år. Omrekna i kroner og øre ville dette seia frå 6 øre til 6 kroner, og dette var nok dyrare for folket den gongen enn våre bompengar er for oss i dag. Dei grunneigarane som vederlagsfritt avstod grunn langs kanalen skulle sleppa bompengane – det same gjaldt ungane som skulle til skulen på Sakseid.

Eit anlegg som dette trong tilsyn, og den første kanalvaktaren var Jacob Wrede Zahl. Staten kjøpte eit jordstykke på sørsida av kanalen, der ein bygde eit hus for kanalvaktaren. 

Kanalvaktarbustaden står framleis på same staden og er i desse dagar i ferd med å verta omgjort til museum. Bompengeperioden varte i 10 år, og i desse åra var det kanalvaktar Zahl si oppgåve å krevja inn avgifta og å heisa brua for båtane. Seinare overtok staten og Finnås kommune vedlikehaldet av kanalen, og i 1880-åra utgjorde løyvingane omlag 80 kroner i året.






Kanalvaktarbustad.

Den nye kanalen førte til at Kulleseidområdet vart eit trafikk-knutepunkt for øya. Her vart den første telegrafstasjonen på øya bygd i 1857, og det første postopneriet kom i 1863. Den første telefonstasjonen kom i 1890. Tinghuset låg først i Vornes, men vart ved heradstyrevedtak i 1896 flytta og reist på Melkevik ved Kulleseidkanalen. I referatet frå møtet heiter det at heradstyret ”anser flytningen saa meget mer heldig, da Melkevik, navnligt naar de nu prosjekterede veie kommer istand, vil være det mest sentrale sted i Finnås herred”. Frå før budde soknepresten i Finnåsområdet, og etterkvart kom også distriktslegen og lensmannen.

Vippebrua og telegrafstasjonen.

Rundt midten av 1800-talet var det ikkje mange landhandlarar i Finnås. Før 1842 var det berre byborgarar som fekk driva handel i distrikta. Dette vart endra ved lova frå 1842 slik at også ein almugemann kunne driva handel. Rett nok måtte det (inntil 1866) føreliggja løyve frå heradsstyret, som ikkje alltid var like velvillige. I sitt avslag til ein søkjar svarte heradsstyret at dei frykta at allmugen ville ty til landhandelen ”og der tilbringe sin tid i drukkenskab”. På Melkevik sette Sjur Larsen frå Tjong i gong landhandel med bakeri i kjellaren og handel og snikkarverkstad i etasjen over, og han er med på lista over dei som var ilagt handelsskatt i 1885.

Då Zahl slutta som kanalvaktar i 1883, følgde Samson Svendsen som kanalvaktar og telefonstyrar. I tillegg var han linjeoppsynsmann og telegrafbod. Det var oftast ungane hans som fekk i oppdrag og ro med telegram – ofte så langt som til Hiskjo.

No trong ikkje båtane lenger gå rundt heile øya, men tok snarvegen tvers gjennom. I tillegg til at båtane sparte tid, vart dei òg sparte for den ofte farefulle turen rundt på vestsida av Bømlo.


Nye tider – nye båtar Tida 1927 – 1935

Etter som tida gjekk, fekk både fiskarane og anna folk båtar som vart for store for det eksisterande kanalsystemet. Frå 1916 finst det skriv der det framgår at det er ønskjeleg å utvida Kulleseidkanalen, men først i 1927 var planane for utviding av kanalen klare.

Ein av grunnane til at dette dette tok tid var at Statens Hamnevesen, som skulle stå for arbeidet, måtte ha erklæringar frå grunneigarane langs kanalen om avståing av grunn. Finnås heradstyre forplikta seg til å ordna dette spørsmålet. I tillegg kom kostnaden. Utvidinga kom på nær 22 mill.kr. – mykje pengar i økonomisk tronge tider.

Totallengda mellom innløpet i Austrekanalen og utløpet i Vestrekanalen er 1700 meter.

Austre kanal		 80 m lang, 14 m brei og 4 m djup
Midtre kanal		600 m lang, 10 m brei og 4 m djup
Vestre kanal		 60 m lang, 10 m brei og 4 m djup

Kulleseidkanalen vart opna etter utvidinga 17.11.1935. Tre skip var med: først ”Rundø” med hamnedirektør, ingeniørar, fylkesmann, fiskeridirektør og andre autoritetar, så ”Karmsund” med haugesundarar og til slutt ”Svint III” med ordførarane i Bremnes og Moster og andre kommunale tillitsmenn og menige frå distriktet. ”- da de 3 skib glir flaggsmykket inn i kanalen, er det intet å utsette på været. Kanonslagene drønner idet båtene seiler inn første etappe—”.

Utvidingsarbeidet begynte i 1927, og det tok 8 år før alle tre kanalane med fenderverk stod ferdige i 1935. Uttrykt slik som dette høyrest det så enkelt ut – arbeidet vart påbegynt og fullført – og det var det. Men så lett var det nok ikkje. Når me ser bildene frå arbeidet og høyrer forteljingar om korleis alt gjekk føre seg frå folk som opplevde desse åra, forstår me at det var eit storverk som vart utført.

For 80 år sidan måtte det meste av arbeidet utførast med handemakt, men dei hadde rett nok stim til å driva kranar, fjellboring og lensepumper. Dei bygde ein kanal om gongen og flytta utstyret med seg etterkvart. Me forstår at våre dagars dykkarklubb på Bømlo har ei tradisjonsrik fortid, men dykkarane i 1920-åra ville sperra augene opp om dei såg det utstyret som finst i dag. Den gongen hadde dei ein dykkarbåt med 4 mann: ein dykkar, to som produserte luft til dykkaren ved hjelp av eit apparat med sveiv på kvar side, og fjerdemann som heldt signaltampen og passa luftslangen til dykkaren..

Dykkarbåt med luftapparat ved austre fangdam.

At kanalbygginga tok så lang tid skuldast ikkje minst at arbeidet berre vart utført i sommarhalvåret. Under bygginga av hovudkanalen vart kanalsystemet stengt eit heilt år. ”Rundø”, kystverket sin dampslepebåt, frakta prammar og utstyr til staden om våren og henta det igjen om hausten.

"Rundø" som sleper mudderpram og lekter.

Skulle kanalane vorte bygde i dag, ville boring og sprenging blitt utført under vatn ved hjelp av borerigg og mudderapparat. I 1927 fanst ikkje slikt utstyr, og difor måtte det byggjast fangdammar. Desse måtte gjerast så tette som mogleg, og mellom fangdammane laga dei til pumpesynk, der vatnet måtte pumpast ut under heile anleggsperioden. På denne måten kunne ein bora og sprengja så å seia på ”tørt land”. Ungane frå denne tida hugsar at dei gjekk på botnen og fann fine skjeljar og andre spennande ting.

Det var store mengder steinmassar som måtte fraktast vekk, og vognene vart drivne fram med handemakt. Fyllingsmassar vart deponerte bl.a. der butikken og bensinstasjonen ligg i dag – og også Skimmelandskaien er bygd på fylling frå dette arbeidet.








Fylling der bensinstasjonen og Joker-butikken ligg idag.

Den nye brua vart plassert noko lenger aust enn den gamle trebrua og med bruhus på sør-sida av brua. Til å driva vippebrua installerte dei ein Trygg bensinmotor, men i nødsfall kunne brua heisast med handemakt. Skiltet på eine brufundamentet viser at brua var ferdig i 1932. Dei modigaste – eller mest dumdristige – av gutane hadde som sport og stå på brua når ho vart heist opp, men dei var heldige og datt ikkje ned.

Her ser ein brua med den flotte profilen.

Dei fleste av arbeidarane var tilreisande og desse vart innhyste i brakker på Kanalsbakken.


Tida etter 1972

Det arbeidet som vart utført frå 1927 – 35 var til glede for både sjøfarande og vegfarande i mellom 30 og 40 år. Bruvaktar Rasmus Nedrebø måtte vera på vakt 24 timar i døgeret. Båtmannskap hadde heller ingen 9/4-jobb, så dei kom til alle tider, og når skipsfløyta lydde, måtte bruvaktaren til pers – dag og natt – anten han sjølv eller kona, Marie. Dei siste åra vart Rasmus helselaus, og Marie, som var yngstedotter til Samson Svendsen, måtte overta jobben åleine. Slik kan ein seia at kanalvaktarjobben var i samme familien i 89 år - frå 1883 til 1972. Det vesle maskinhuset på sørsida av brua fungerte også som skomakarverkstad og frisørsalong.

Men moderne tider krev moderne rådgjerder, og den gamle brua var ikkje lenger tenleg for båttrafikken. Det var nok òg vanskeleg å få nokon til å stå for bruheising 24 timar i døgeret då Rasmus Nedrebø måtte leggja inn årane. I 1972 vart det bygd ei fast betongbru på same staden som den gamle, som vart fjerna. Bru-kara står der framleis som ein fin profil når ein kjem gjennom kanalen. Den nye brua har ei seglingshøgd på 13 m, og dei fleste båtane kan passera, sjølv seglbåtar med høge mastrar.

Samstundes var det nødvendig å heva vegane på begge sider av brua.

Først på 1980-talet vart det gamle fenderverket av kreosotimpregnerte stolpar fjerna både i Austre-kanalen og Kulleseidkanalen på grunn av at det var begynt å losna i festene og kunne vera farleg for passerande båtar. I staden vart det hengt opp bildekk – noko som er ein estetisk torn i augene på dei fleste – men praktisk. I Vestre-kanalen kan ein fortsatt sjå korleis det gamle fenderverket tok seg ut.

Som avslutning kan det vera på sin plass å sitera Carl Olsen som i 1886 i boka ”Guldgraverliv og sjømandsfærd” skriv om bømlingane: ”Bømmeløen er befolket af en godmodig rase, som forhen væsentlig fandt sin næring på havet”. Då vårsildfisket tok slutt først i 1860-åra måtte bømlingane ”tvunget av den barske nødvendighed” driva eit slags jordbruk, og likevel - så stakkarsleg det kunne vera - innrømmer Olsen ”at det er endog dem som naturligvis med sit tilsvarende primitive levesæt, er kommet til en viss velstand”.

No har det gått 150 år sidan den første kanalutbygginga, og det er eit høvande tidspunkt å stoppa opp litt og reflektera over utviklinga. Den gongen og i åra framover var brukarane stort sett fiskarar og fraktefolk mens Kulleseidkanalen i dag er blitt eit turistmål Slik sett er heile historia om Kulleseidkanalen representativ for utviklinga i samfunnet elles. Sjøvegs transport er ikkje lenger så viktig for næringslivet på denne øya vår – i dag er det stort sett ferie- og fritidsfolk som i hurtiggåande båtar fartar gjennom og rundt alle desse tusen øyane. Slik er Kulleseidkanalen enno viktig for samfunnet vårt, men på ein annan måte enn for forfedrane våre.

Kulleseidkanalen, 25. mars 2006
Kjellaug Arnulf


Kjelder

Kolle, Nils: Bømlo Bygdebok, band VI, ”Eit øyssmfunn i omforming”, Bømlo kommune, 1989
Foredrag på Kanaldagane 2002 v/Arnold Jacobsen, Kystverket Haugesund
Trygve Larsen som har fortalt frå ”minneboka”