Lesemanus, 23. mars 2019
High barbary
Aage:
Det er mars månad, herrens år 2019, og me er i eit kloster. Me er ikkje heilt sikre på kvar dette klosteret faktisk ligg, men lat oss for forteljinga si skuld seie at det er eit stykke unna frå Noreg og Oslo ladegård. Fordi dette er altså ei forteljing, og forteljinga byrjar med at ein mann ligg og søv i ei seng i eit kloster.
Nokre av dykk hugsar kanskje Knut frå førre gong. Knut var ein riktig ulukkesfugl. Ein ung mann, student og songar, som mest av alt ynskte seg å finne kjærleiken, aller helst med Mona. Dei som var her sist veit at det ikkje gjekk så særleg bra med det, men Knut fann likevel attende til livsgleda i fellesskap med dei andre i Den norske Studentersangforening. Og godt var det.
Men det var ikkje nok for Knut. Han dro frå heim og land, og såg seg ingen annan råd enn å gå i kloster. Så no, nokre månader seinare, ligg Knut altså i ei seng, i eit kloster. Han har nett hatt ein lang og spanande draum om piratar.
Så vakna han til. “Kvifor byrjar alle forteljingar om meg med at eg ligg i ei seng?” undra Knut. “Og var det eigentleg så lurt å gå i kloster?” Då høyrer Knut brått songen frå klosterkyrkja, og han kastar på seg klede, og spring dit for å høyre på.
Gloria, laus et honor
“Ah! Kjell Habbestad sine arrangement av oldkyrkjelege hymnar er verkeleg herlege”, tenkte Knut. “Og for eit flott mannskor dei hadde her i klosteret!”
Koret stemte i med ein song til.
Pange lingua
Robert:
Og slik gjekk altså dagen i Herrens tenest. “Var dette kanskje litt kjedeleg?” undra Knut. Jau, det var kanskje det. Tilbake på rommet fann Knut fram ei bok han hadde gøymt under senga. I boka las han kvar kveld eventyr og dikt. Han slo opp boka og las. “Längtan till hemmets kust bleker vår kind.” Knut vart med eitt fylt av heimlengt. “Ein skulle ikkje tru at Ingvar Lidholm hadde tonesett ei slik tekst”, tenkte Knut, og las høgt for seg sjølv.
Saga
Knut fekk ikkje sove, så han gjekk ein tur nede ved stranda. I kveldsljoset såg han rikeleg med små, blå blomar. Knut kjende dei som blåfjær, og dei minde han om ein annan song av Lidholm.
Jungfrulin
No lyfte Knut blikket, og såg ut mot havet. Ved horisonten såg han tre skip. “Det der ser då sanneleg ut som piratar, akkurat som eg drøymde. Kvifor er alle forteljingar om meg fulle av samantreff?” undra Knut.
Knut vart brått ei aning uroleg for kva som skulle hende no. Og litt prega av tida i kloster var han jo, så han tenkte at det kanskje var lurt å sjå om desse helgenane hadde noko å kome med. Han retta ein bøn til Sankt Antonius om hjelp. Sankt Antonius er mellom anna helgen for skipbrotne og tapte ting, og nett no kjende Knut seg som begge delar.
O proles Hispaniae (Poulenc)
Jan Magne:
“Nei, det er kanskje ikkje så mykje makt i dei falda hender” tenkte Knut i det piratane batt han fast, og bar han inn til eit fangehol på skipet. “Men fin musik av Poulenc er det i alle fall.”
I fangeholet var det trangt og mørkt, og sjøen var hard. Men før Knut eigentleg rakk å kjenne seg så ulukkeleg som han kanskje burde, høyrde han piratane syngje.
Haul away (trad)
No vart Knut glad. Ein tradisjonell shanty av det slaget får ein ikkje kvar dag. “Piratar som syng så fint, det er min sorts piratar”, tenkte han.
Barrets privateers (faux trad)
Knut tykte fyrst at det var litt rart at dei song om 1778, særleg sidan han eine verka litt ung for det. “Men”, tenkte Knut, “eg må kanskje ikkje ta forteljinga på så stort alvor.”
Det som uansett heldt på å hende, det var at Knut byrja å like piratane. Og dei likte han òg. Det er faktisk ikkje heilt uvanleg at det oppstår sympati og venskap mellom gislar og dei som har kidnappa dei. Det blir ofte kalt for Stockholmssyndromet. Og som av rein vilkårlegheit var det altså Stockholm skipet no stevna mot.
Sidan piratane no tykte litt synd på han, ja, då spurte dei om han ikkje hadde lyst til å bli sett av i Stockholm, og jau, det ville han gjerne.
Den 30. april steig han i land. Det var vår i lufta, og røyk frå hundretal av Valborgseldar. Knuts mannskorhjarta byrja å banke hardt. Då tenkte Knut: “Eg vonar at nokon av dei syng Längtan till landet av Lindblad.” Og det gjorde dei.
Längtan till landet (Lindblad)
Bjørnar:
Etter songen kom han i tale med songarane. Nokre av dei skulle visst snart bryte opp og gå vidare på fest med eit damekor. “Damekor”, tenkte Knut, “der er det jo damer!” Og sjølv om han hadde brent seg på slikt tidlegare, var det jo noko lokkande med korleis dei framstilte desse damene.
Drømmedame (Aaserud/Samuelsen)
Om dei meinte det ironisk eller ikkje, det var ikkje godt å vite, men freistande var det likevel. Men Knut visste at det ikkje ville vere godt for han å bli med. Han trong hjelp, men kvar skulle han vende seg då? Til himmelen?
“Var det ikkje Einstein som sa at definisjonen av galskap var å gjere det same fleire gonger, men vente seg ulike resultat?” tenkte Knut, i det han nok ein gong bad til vår Herre.
Seigneur, je vous en prie (Poulenc)
Men tenk, denne gongen var det Einstein, eller kven det no var, som hadde feil. Fordi det gjekk fint. Knut vart ikkje med på damekorfest, i staden vart han igjen ved bålet hjå resten av mannskoret og hadde ein herleg kveld. Han var ein letta mann. No var det berre nokre minutt att til midnatt, og til 1. mai. Mannskoret gjorde seg klare til å syngje, og det gjorde Knut også. “Kvifor endar alle historiar om meg med at eg står og syng i lag med eitt mannskor?” tenkte Knut.
Men på det har me ikkje noko godt svar. Me takkar for oss, og takkar for at de kom og ville høyre på konserten, som altså både for oss og Knut sluttar med Majsång av Lars Magnus Béen.
Sköna Maj (Béen)
***
Ekstra:
Og kva hende så etterpå? Kanskje me skal ta ein liten epilog.
Etterpå fer Knut heim til Oslo. Han saknar studentersangforeininga, og sjølv om det er flott med svensk Valborgsfeiring, er det brått ikkje så langt til noko som kanskje er enno betre, nemleg norsk 17. mai. Og på 17. mai er dagens sjølvsagte høgdepunkt å få stå på Universitetsplassen og høyre landets beste studentersangforening syngje nasjonalromantikk. Då kjem Knut til å stå i publikum, og det vonar me at de også gjer. Her kjem “Fædrelandssang”, eller “Højest løfter jeg nå Gullpokalen.”
Højest løfter jeg nå Gullpokalen (Reissiger)