Samfunnsfag er eit sentralt fag for at elevane skal bli deltakande, engasjerte og kritisk tenkjande medborgarar. Faget skal bidra til at elevane ser samanhengar mellom individuelle val, samfunnsstrukturar og tolegrensene i naturen. I samfunnsfag skal elevane få høve til å utforske sin eigen identitet, lokalsamfunnet dei lever i, og nasjonale og globale problemstillingar. Gjennom arbeidet med faget skal elevane forstå korleis geografiske, historiske og notidige forhold legg føresetnader for korleis menneske dekkjer behova sine, og for korleis makt og ressursar blir fordelte. Elevane skal bli bevisste på korleis vi er historieskapte, men òg historieskapande. Faget skal bidra til identitetsutviklinga til den enkelte og forståing av dei forskjellige fellesskapa vi menneske inngår i. Det inneber òg å inkludere majoritets- og minoritetsperspektiv, og særleg samisk kultur og samfunnsliv. Slik bidreg samfunnsfaget til å styrkje elevane si forståing av seg sjølve, av samfunnet dei lever i, og av korleis dei kan påverke sitt eige liv og framtida.
Alle fag skal bidra til å realisere verdigrunnlaget i opplæringa. Samfunnsfaget skal bidra til engasjement, kritisk tenking, skaparglede og utforskartrong og byggje opp under haldningar og verdiar som toleranse, likeverd og respekt. Gjennom samfunnsfaglege tenkjemåtar og metodar skal elevane utvikle eit aktivt medborgarskap bygd på medvit om demokrati, miljø, menneskerettar, likestilling og verdien av mangfald.
Elevane skal kunne undre seg over, reflektere omkring og vurdere korleis kunnskap om samfunn før og no blir til. Elevane skal få vere nysgjerrige og aktivt kunnskapssøkjande og -skapande åleine og saman med andre både i og utanfor klasserommet. I tillegg skal elevane kunne innhente og bruke informasjon frå ulike typar historiske, geografiske og samfunnskunnskaplege kjelder for å kaste lys over forhold i ulike samfunn, til ulike tider, og i sitt eige liv. Dei skal òg kunne vurdere kritisk om kjeldene er pålitelege og relevante.
Elevane skal forstå samanhengar mellom geografiske, historiske og notidige forhold og korleis desse forholda kvar for seg og saman har påverka og påverkar menneske og samfunn. Elevane skal få innsikt i den gjensidige påverknaden mellom natur og samfunn. Dei skal sjå korleis utviklinga i fortida var prega av både brot og kontinuitet og kva som bidrog til endringar, samt utvikle historisk empati. Elevane skal analysere korleis makt og maktrelasjonar har verka og verkar inn på ulike forhold i samfunnet. Dei skal vurdere kunnskap, hendingar og fenomen frå ulike perspektiv og reflektere over kvifor menneska har gjort og gjer ulike val.
Elevane skal forstå korleis geografiske, historiske og notidige forhold har lagt og legg føresetnader for høvet menneska har hatt og har til å samarbeide, organisere seg og ta avgjerder i ulike samfunn. Elevane skal få innsikt i forskjellar mellom land når det gjeld styresett og ivaretaking av menneskerettar og minoritetar, og dei skal sjå korleis forskjellar har hatt og har innverknad på folks liv og høve til å medverke. Dei skal forstå kvifor konfliktar har oppstått og oppstår, og korleis dei har blitt og blir handterte. Elevane skal få erfaring med demokrati i praksis for å kunne påverke og medverke til samfunnsutforming. Innhaldet i dette kjerneelementet skal sjåast i lys av ulike perspektiv, frå det lokale til det globale, og i urfolks- og minoritetsperspektiv, med vekt på fortid, notid og framtid.
Elevane skal forstå korleis geografiske, historiske og notidige forhold har lagt og legg føresetnader for korleis menneska har dekt og dekkjer behova sine, og for korleis dei har fordelt og fordeler ressursar i ulike samfunn. Det inneber å sjå at geografisk mangfald og variasjon dannar rammer for livsgrunnlag og levekår. Elevane skal få innsikt i dei økonomiske, miljømessige og sosiale dimensjonane ved berekraftig utvikling, og samanhengen mellom desse. Dei skal forstå korleis endringar i fortida har påverka dei tre dimensjonane og dermed kor berekraftige ulike samfunn er. Elevane skal sjå at ressursbruken til menneska har hatt og har konsekvensar, og kunne vurdere handlingsalternativ for berekraftig utvikling på individuelt, nasjonalt og globalt nivå. Berekraftig utvikling i samfunnsfag skal sjåast i lys av ulike perspektiv, frå det lokale til det globale, og i urfolks- og minoritetsperspektiv, med vekt på fortid, notid og framtid.
Elevane skal få innsikt i korleis menneske utviklar identitet og tilhøyrsle, og korleis dei samhandlar med andre. Dei skal forstå kvifor menneske søkjer saman i samfunn, og korleis identitetsutvikling og fellesskap blir påverka av geografiske, historiske og notidige forhold. Det inneber ulike perspektiv på kva eit godt liv kan vere, og at elevane utviklar både historiemedvit og handlingskompetanse ved å forstå seg sjølve med ei fortid, notid og framtid.
I samfunnsfaget handlar det tverrfaglege temaet folkehelse og livsmeistring om at elevane skal bli bevisste på sin eigen identitet og si eiga identitetsutvikling og forstå individet som ein del av ulike fellesskap. Innsikt i korleis relasjonar og tilhøyrsle blir påverka av samhandling med andre, òg digitalt, er ein del av kompetansen i faget. Faget skal bidra til at elevane kan gjere gode livsval og handtere utfordringar knytte til seksualitet, personleg økonomi, rus, utanforskap og digital samhandling. Faget skal òg bidra til å skape forståing, respekt og toleranse for mangfald og andre sine verdiar og livsval, og gi perspektiv på kva eit godt liv kan vere. Gjennom faget skal elevane kunne identifisere område der menneskeverdet blir utfordra, til dømes i samband med menneskehandel og slaveri i vår tid, og peike på tiltak for å verne om dei grunnleggjande behova menneske har.
Folkehelse og livsmeistring i overordna del
I samfunnsfag handlar det tverrfaglege temaet demokrati og medborgarskap om at elevane utviklar kunnskapar og ferdigheiter for å kunne skape og delta i demokratiske prosessar. Faget skal bidra til at elevane utviklar kunnskap om og innsikt i demokratiske verdiar og prinsipp. Gjennom arbeid med samfunnsfag skal elevane tenkje kritisk, ta ulike perspektiv, handtere meiningsbryting og vise aktivt medborgarskap. Samfunnsfag skal bidra til at elevane kan delta i og vidareutvikle demokratiet og førebyggje ekstreme haldningar, ekstreme handlingar og terrorisme. Kunnskap om terrorhandlinga i Noreg 22. juli 2011 skal inngå i opplæringa om dette.
Demokrati og medborgarskap i overordna del
I samfunnsfag handlar det tverrfaglege temaet berekraftig utvikling om at elevane forstår samanhengen mellom dei sosiale, økonomiske og miljømessige forholda ved berekraft. Kunnskap om samanhengar mellom natur og samfunn, om korleis menneska påverkar klima og miljø, og om korleis levekår, levesett og demografi heng saman, bidreg til denne forståinga. I samfunnsfag skal elevane reflektere over og drøfte dilemma og spenningsforhold knytte til dei ulike dimensjonane ved berekraftig utvikling og sjå at handlingar på både individ- og samfunnsnivå har betydning.
Munnlege ferdigheiter i samfunnsfag inneber å kunne lytte til, tolke, formulere og fremje meiningar, gi respons og diskutere med andre. Å få tak i andre sine meiningar og stille oppklarande og utdjupande spørsmål inngår òg. Utviklinga av dei munnlege ferdigheitene går frå å uttrykkje eigne meiningar, ta ordet etter tur og lytte og gi respons til andre, til å ta ulike perspektiv og grunngi argumentasjon i større årsakssamanhengar. Utviklinga inneber vidare i aukande grad å fortelje om samanhengar, drøfte faglege spørsmål og handtere meir kompleks informasjon og å forstå korleis ulike uttrykksmåtar påverkar bodskap og mottakar.
Å kunne skrive i samfunnsfag inneber å planleggje, utforme og arbeide med tekstar som er tilpassa formålet med skrivinga. Det inneber òg å dele, formidle og presentere kunnskap og informasjon skriftleg og å bruke samfunnsfaglege omgrep, byggje opp argumentasjon og utforske og problematisere samfunnsfaglege tema. Vidare inneber det å kunne dokumentere og presentere resultat av samfunnsfaglege undersøkingar skriftleg. Utviklinga av skriveferdigheiter i faget går frå å formulere enkle faktasetningar og spørsmål og vise til kjelder, til å skrive fagtekstar, drøfte problemstillingar og vise til meir komplekse kjelder.
Å kunne lese i samfunnsfag inneber å utforske, tolke og reflektere kritisk over ulike historiske, geografiske og samfunnskunnskaplege kjelder. Vidare inneber det å finne informasjon og bevisst velje og velje bort ulike kjelder. Å lese inneberer å reflektere over korleis ståstad og perspektiv påverkar ulike kjelder, kjenne att argumentasjon og å skilje mellom meiningar, fakta og påstandar. Utviklinga av leseferdigheiter i faget går frå å bruke få og tilrettelagde kjelder til sjølv å finne og samanlikne informasjon i eit større mangfald av kjelder med større kompleksitet.
Å kunne rekne i samfunnsfag inneber å kunne innhente, arbeide med, analysere og vurdere talmateriale og store data i lys av kontekst og for å ta stilling til samfunnsspørsmål. Vidare inneber det å bruke tidslinjer og målestokk til å utforske og presentere historiske og geografiske forhold og sjå samanhengar. Å kunne arbeide med problemstillingar knytte til økonomi og forbruk, og samanhengen mellom disse, inngår òg. Utviklinga av rekneferdigheiter i faget går frå å tolke konkrete og enkle tabellar og grafiske framstillingar til å kombinere og analysere større datamengder og sjå endringar over tid.
Samfunnsfag har eit særleg ansvar for at elevane utviklar digitalt medborgarskap. Digitale ferdigheiter i samfunnsfag inneber å kunne bruke digitale verktøy til å finne, behandle og navigere i digitale kjelder, utøve digital kjeldekritikk og velje ut relevant informasjon. Det handlar òg om å kunne kommunisere, samarbeide og skape digitale produkt og om å følgje reglar og normer for nettbasert kommunikasjon, personvern og opphavsrett. Ferdigheita inneber óg å vareta informasjons- og datasikkerheit. Utviklinga av digitale ferdigheiter går frå å utforske og bruke digitale ressursar, til å søkje og velje informasjon sjølvstendig og til å vise god digital dømmekraft når ein vel informasjon, bruker digitale ressursar og kommuniserer digitalt.
Mål for opplæringa er at eleven skal kunne
bruke samfunnsfaglege metodar og digitale ressursar i eigne undersøkingar, presentere funn ved bruk av digitale verktøy og drøfte kor gyldige og relevante funna er
vurdere på kva måtar ulike kjelder gir informasjon om eit samfunnsfagleg tema, og reflektere over korleis algoritmar, einsretta kjelder eller mangel på kjelder kan prege forståinga vår
drøfte korleis framstillingar av fortida, hendingar og grupper har påverka og påverkar haldningane og handlingane til folk
utforske korleis teknologi har vore og framleis er ein endringsfaktor, og drøfte innverknaden teknologien har hatt og har på enkeltmenneske, samfunn og natur
reflektere over korleis menneske har kjempa og kjempar for endringar i samfunnet og samstundes har vore og er påverka av geografiske forhold og historisk kontekst
samanlikne korleis politiske, geografiske og historiske forhold påverkar levekår, busetjingsmønster og demografi i forskjellige delar av verda i dag
gjere greie for årsaker til og konsekvensar av sentrale historiske og notidige konfliktar og reflektere over om endringar av nokre føresetnader kunne ha hindra konfliktane
gjere greie for årsaker til og konsekvensar av terrorhandlingar og folkemord, som holocaust, og reflektere over korleis ekstreme haldningar og ekstreme handlingar kan førebyggjast
utforske og beskrive korleis menneske- og urfolksrettar og andre internasjonale avtalar og samarbeid har betydning for nasjonal politikk, livet til menneske, likestilling og likeverd
gjere greie for fornorsking av samane og dei nasjonale minoritetane og uretten dei har vore utsette for, og reflektere over kva konsekvensar det har hatt og har på individ- og samfunnsnivå
beskrive ulike dimensjonar ved berekraftig utvikling og korleis dei påverkar kvarandre, og presentere tiltak for meir berekraftige samfunn
vurdere korleis arbeid, inntekt og forbruk kan påverke personleg økonomi, levestandard og livskvalitet
reflektere over likskapar og ulikskapar i identitetar, levesett og kulturuttrykk og drøfte moglegheiter og utfordringar ved mangfald
utforske og reflektere over eigne digitale spor og høvet til å få sletta spora og å verne om retten ein sjølv og andre har til privatliv, personvern og opphavsrett
reflektere over korleis identitet, sjølvbilete og eigne grenser blir utvikla og utfordra i ulike fellesskap, og presentere forslag til korleis ein kan handtere påverknad og uønskte hendingar
reflektere over kva for aktørar som har makt i samfunnet i dag, og korleis desse grunngir standpunkta sine
utforske ulike plattformer for digital samhandling og reflektere over korleis digital deltaking og samhandling påverkar forma på og innhaldet i samfunnsdebatten
beskrive sentrale lover, reglar og normer og drøfte kva konsekvensar brot på desse kan ha for den enkelte og for samfunnet på kort og lang sikt
beskrive trekk ved det politiske systemet og velferdssamfunnet i Noreg i dag og reflektere over sentrale utfordringar
Undervegsvurderinga skal bidra til å fremje læring og til å utvikle kompetanse i faget. Elevane viser og utviklar kompetanse i samfunnsfag på 8., 9. og 10. trinn når dei utforskar og forklarer samanhengar mellom historiske, geografiske og samfunnskunnskaplege aspekt ved faget. Elevane viser og utviklar kompetanse når dei bruker samfunnsfaglege metodar til å undersøkje og vurdere moglege svar på problemstillingar som handlar om fortid, notid og framtid. Elevane viser og utviklar òg kompetanse når dei reflekterer over seg sjølve og andre som ein del av samfunnet, og korleis dei kan påverke sitt eige og andre sine liv i dag og i framtida. Vidare viser og utviklar dei kompetanse når dei samhandlar digitalt, kjenner til og bruker reglar for personvern og opphavsrett, og viser digital dømmekraft.
Læraren skal leggje til rette for elevmedverknad og stimulere til lærelyst gjennom munnlege, skriftlege, praktiske og digitale måtar å arbeide med samfunnsfag på. Læraren skal vere i dialog med elevane om utviklinga deira i samfunnsfag. Elevane skal få høve til å prøve seg fram. Med utgangspunkt i kompetansen elevane viser, skal dei få høve til å setje ord på kva dei opplever at dei får til, og reflektere over si eiga faglege utvikling. Læraren skal gi rettleiing om vidare læring og tilpasse opplæringa slik at elevane kan bruke rettleiinga for å utvikle kompetansen sin i samfunnsfag.
Standpunktkarakteren skal vere uttrykk for den samla kompetansen eleven har i samfunnsfag ved avslutninga av opplæringa etter 10. trinn. Læraren skal planleggje og leggje til rette for at elevane får vist kompetansen sin på varierte måtar som inkluderer forståing, refleksjon og kritisk tenking, i ulike samanhengar. Læraren skal setje karakter i samfunnsfag basert på kompetansen eleven har vist når eleven har brukt kunnskapar og ferdigheiter i kombinasjon.