Tapas

Tapas


Tapas er no i framgang i mange land, og dei spanske tapasbarane breier seg over heile verda. Til og med i Norge har vi fått dei. Men kva ligg i omgrepet tapas, er det ein matrett, eit tilbehør, eit måltid eller ein tradisjon?

Vi kan vel trygt seie at det ligg tradisjon i dette ordet, og historiene er mange om korleis tapas oppsto. Men sjølve ordet tapas betyr å dekke til eller deksel på spansk, og er ei nemning på små kalde/varme rettar som opphaveleg blei eten med vin som eit lite mellommåltid. Men lat oss sjå litt på historien bak tapas først.

Historie

Den mest utbreidde opphavet til tapas, er at det vart brukt brød/ost/skinkeskiver til å dekke vinglaset med for å unngå insekt. Denne grunnen går igjen mange plassar i litteraturen.

Vi trur likevel at noko av historia ligg i levemåten og dagsrytma som er i middelhavslanda. Vi er ofte vande med å bruke faste måltid om dagen, ofte 3 stk, mens det i områda rundt middelhavet er meir vanleg å ete mellom måltida, og så utsette den store middagen til kvelden. Ein spansk dag består av 2 store måltid, lunch (13-15) og middag (21-22). Men for at arbeidarane skulle halde svolten vekke vart det ete fleire små måltid.

Ei anna historie eg las var om den spanske Kongen Alfonso den 10. Han måtte pga sjukdom ete små bitar med mat, saman med vin mellom måltida. Då han vart frisk skjøna han at dette var ein fornuftig måte å drikke vin på og gav alle som serverte vin ordre om at dei måtte servere noko å ete samtidig. Dette var jo fornuftig sett ut fra ein alkoholpolitisk ståstad, med kombinasjonen mat/vin, og gjorde sitt til at folk med alkoholproblem fekk seg litt sunn mat.

Kva er tapas?

Tapas var opphaveleg små, smakfulle munnfullar av foreksempel marinerte oliven, rista mandlar, rista sopp i saus, grilla reker, tomatbrød, chorizopølse, bitar av ost (manchego) og skinke (serrano). Dette har utvikla seg til å bli meir og meir avanserte rettar, og når ein idag ser på tapasoppskrifter så blir det ofte mykje meir enn ein munnfull. Men hugs: om du skal servere tapas til gjester, så var det opphaveleg små munnfullar av heilt enkle matrettar servert til eit glas vin. Men idag er oftast tapas samansett av mange rettar og meir til kvar person.

Vi på Osdals Catering vonar vi kan gjere tapasopplevinga di til noko spesielt som du kan dele med vener og familie, og skape ei heilt eiga historie.

Tlf: 900 18 324

TAPAS MENY 1

199kr pr.pors


Kjøtbollar i sterksaus

Tapas pølser


Wraps med spekeskinke

Marinert oliven

Pastasalat

Marinert sopp

Chillimarinert reker

Spekefat


Salsa

Rømme

Chillimango dip

Aioli

Heimelaga brød






TAPAS MENY 2

235 kr pr.pors


Kjøtbollar i sterksaus

Ostenuggets (litt sterk)

Urtebakt amadinepotet

Tapas pølser


Wraps med spekeskinke

Marinert oliven

Pastasalat

Marinert sopp

Chillimarinert reker

Spekefat


Salsa

Rømme

Chillimango dip

Aioli

Heimelaga brød






TAPAS MENY 3

285 kr pr.pors


Kjøtbollar i sterksaus

Mozzarella sticks

Urtebakt amadinepotet

Satayspyd

Tapas pølser


Wraps med spekeskinke

Marinert oliven

Pastasalat

Marinert sopp

Chillimarinert reker

Spekefat med ymse ostar


Salsa

Rømme

Chillimango dip

Aioli

Heimelaga brød







TAPAS MENY 4

325 kr pr.pors


Kjøtbollar i sterksaus

Mozzarella sticks

Urtebakt amadinepotet

Satayspyd

Ostenuggets ( Litt sterk)

Bollinios ( klippfiskbollar)

Tapas pølser


Wraps med spekeskinke

Marinert oliven

Pastasalat

Marinert sopp

Chillimarinert reker

Spekefat med ymse ostar


Salsa

Rømme

Chillimango dip

Aioli

Heimelaga brød