Pilotprosjektet er ferdig!
I perioden september 2023-mai2024 gjennomførte Memoar, Fjellkoret og tre musé i Vestland, eit pilotprosjekt om utvandringshistorie for å teste ut interesse for og metodikk i hovudprosjektet. Vi samla og formidla opptak av tre forteljarkveldar og 19 intervju. Tanken er at Fjellkoret skal plukke stoff frå denne samlinga når dei utviklar sitt korverk til utvandrarjubileet neste år. Samtidig blir samlinga starten på den store samlinga av Migrasjonsminne som nå skal byggast i samarbeid mellom Memoar, Landslaget for lokalhistorie, Slekt og data, Diaspora Tamil Archive, Rådet for integrering og mangfald (RIM) og ei rekke andre organisasjonar gjennom 2024 og 2025.
Mål for pilotprosjektet
Framskaffe råstoff for Fjellkoret, til bruk i eit stort korverk som skal turnere hausten 2025 under markeringa av at det er 200 år sidan det fyrste migranskipet "Restaurationen" gjekk frå Stavanger til New York.
Hovudintervju
Hovudtyngda i den samlinga vi skal bygge opp, er djupintervju med enkeltpersonar om eigne opplevingar, refleksjonar og slektsforteljingar om ut- og innvanding. Nokre døme:
Stubbar - korte utdrag frå intervju
Der er "gullkorn" i alle intervju. Vi forsøker å klippe ut nokre av dei, slik at vi også kan bygge opp ei samling av spissformuleringar og særskilt interessane utdrag. Døme: