Migrasjonsminne - Nyheter
Skriv!
Fortell munnleg!
Lag video- eller lydopptak, skriv samtykke med forteljaren og litt informasjon om innhaldet - og send inn her! Eller send inn her uten Google.
Be om hjelp!
Memoar kan bidra med "subsidiert hjelp" til lokale og tematiske minneinnsamlingar.
26/10-24: Migrasjonsminne på Bergen historiske festival
Heile spekteret av frivillige kulturvernorganisasjonar i Bergen var samla til festivalarrangement i helga 26.- 27. oktober 2024. Irene Kinunda Afriyie og Isabel Sandvik Shepherd frå Memoar presenterte ei samling smakebitar frå innsamla materiale så langt (sjå videoen til venstre). Memoar bidrog også med forteljinga om førre store prosjekt, jubileumsinnsamlinga Oslove (www.osloove.no) som blei presentert av prosjektleiar Cathrine Hasselberg. Søndag gjennomførte Bjørn Enes eit kortkurs i privat minneinnsamling - også det var ein del av festivalen.
19/10-24: Memoar på HIFOS-historielærerseminar
Lørdag 19. oktober var Isabel Sandvik Shepherd på Hifos lærerseminar for å holde et innlegg om den delen av prosjektet som er rettet mot barn og unge. Stort engasjement og gode tilbakemeldinger fra de rundt 60 lærerne som var tilstede.
Den 1. desember vil et gratis undervisningsopplegg bli tilgjengelig fra Migrasjonsminne.no. Det retter seg mot elever i ungdom og videregående skole. Er du lærer og vil høre mer om prosjektet? Ta kontakt!
10/10-24: Migrasjonsminne Tøyen er i gang:
Memoar og Tøyenakadademiet er enige om å involvere ungdom på Tøyen i arbeid med å samle inn munnleg migrasjonsmhistorie. Samarbeidet vil omfatte kurs, intervjuinnsamling, refleksjon og formidling av lokal migrasjonsmhistorie. Den 23/10 fekk vi også melding om at Landslaget for lolkalhistorie innlemmar dette prosjektet i "Til Ungdomen", noe som muliggjør ei forlenging av prosjektet med eit knippe sommarjobbar i 2025. -Prosjektet har nettsida Lokalt/Toyen
4/10-24: Planane klare for kurs og mimrekveld i Asker:
Fyrste stopp i austlandsturnéen I veke 47 blir Asker museum, mandag 18. november. Det blir eit halvdagsseminar om minnesamling og munnleg historie intervju på dagtid, og eit kveldsarrangement der historielag og alle interesserte i nærområdet til muséet blir inviterte til å dele migrasjonshistorier på ein ksåkalla Mimrekveld i muéet. emoar vil gjere opptak av mimrekvelden, med sikte på at delar av det som blir fortald der skal iknngå i den store migrasjonsminnesamlinga.
2/10-24: Planane klare for kurs og mimrekveld på Hamar
Utvandrermuséet på Hamar blir vertskap for stopp nr. 2 på østlandsturnéen i uke 47. Datoen blir onsdag 22. november, programmet blir et kortkurs om migrasjonsminneinnsamling for museumsansatte, historielagsmedlemmer og andre interesserte på dagtid. Om kvelden blir publikum invitert til å komme for å lytte til og fortelle, både om utvandring og innvandring, nåtids- og slektshistorie. Nærmere informasjoner kommer på museets nettsider og på facebook.com/memoar.no
1/10-24: Migrasjonshistorie på Bergensminne:
Veteranane Samba Njie Saihou (bildet) og Momodou Jobarteh har vore sentrale personar i den lokale innvandringshistoria i Bergen sidan 1970-talet. Dei kjende kvarandre som born og ungdomar i Banjou, Gambia, men ulike vegar førte dei til Noreg på 1970-talet. Begge gjekk eit år på folkehøgskule for å lære norsk, og så heldt dei fram med arbeid og utdanning - og litt etter litt blei dei bergensarar. Begge har vore sentrale i utviklinga av byens internasjonale fotballturnering, Vestlands Innvandrarråd, Bergens Intgernasjonale Kultursenter og Bergens Gambiske forening. Bergensminne er eit månadleg arrangement med munneg lokalhistorie - www.memoar.no/bergensminne
28/9-24: Møte med Slekt og data
Prosjektleiar Sebastian Kaasa fortalde om prosjektplanane på møte for regionleiarar i Slekt og data. Landets suverent største slektsforskarorganisasjon er samarbeidspartnar i Migrasjonsminne, og generalsekretær Lina Bjelland Myrvoll er medlem av styringsgrupa i prosjektet. Kaasa la mellom anna vekt på verdien av å samle munnleg kjeldemateriale til slektshistorie medan det ennå er tid. Det som i dag er levande minne i slekter med utvandringshistorie, vil ofte forsvinne i "historias mørkre" i neste generasjon. Han kunne tilby hjelp til regionale og lokale prosjekt, både med opplæring, infrastruktur og hjelp til å gjennomføre intervju.
26/9-24: Møte med Nordfjord Sogelag
Ni lokale sogelag i Nordfjord samarbeider om planane for migrasjonsmjubileet neste år. Bjørn Enes frå Memoar var invitert til møte i regionlaget i Nordfjordeid den 26 september for å fortelje om kva Memoar kan bidra med, både om minneinnsamling generelt og om forarbeidet til ei stor mrkering i nord-fylket saman med Fjellkoret i september 2025. Bildet: Emigrantjubileumskomitéen.
23/9-24: Novemberturné på Austlandet
Sist i september sender Memoar ut invitasjon til frivillige organisasjonar, musé, bibliotek og arkiv om samarbeid for å førebu lokale og tematiske prosjekt under Utvandringsjubileet neste år. Kvar stopestad under turnéen får eit halvdagsseminar om innsamling av munnleg migrasjonshistorie pluss eit kveldsarrangement med deling av forteljingar om ut- og innvandring. Sjå - og del - invitasjonen her.
(Foto: Førdehuset )
18/9-24: Digitalt dialogmøte om store jubileumsprosjekt
Tidleg i september inviterte Memoar og Fjellkoret til samarbeid om lokal og regional markering av utvandrerjubileet i Vestland i 2025. 18. september gjennomførte vi eit digitalt dialogmøte der 16 representantar for frivillige kulturvern, musé og arkiv deltok. Dei foleste var frå Vestland - men der var også deltakarar frå andre delar av landet.
Jan Ludvig Ludvig Jacobsen orienterte om Fjellkoret sitt prosjekt "Det løfterike landet" - ei stor korforestilling der innhaldet i stor grad skal bygge på forteljingar frå folk som lever i dag. Sebastian Kaasa og Bjørn Enes frå Memoar fortalde om sitt prosjekt, "Migrasjonsminne" som nettopp har til formål å samle, dele og bevare slike forteljingar. Dei to organisasjonane ser føre seg fire heildags-arrangement i Vestland, eit i nord, eit i sør, eit i indre - og det siste i Bergen den 21. september 2025. Utanom konserten, tenkjer dei seg ei utstilling, ei foredragsrekke, ein "mimrekafe" og kanskje eit bokbad med lokale bøker om migrasjon. Frå nå og fram til september vil Memoar gjerne bidra til innsamling av munnleg migrasjonshistorie - som også kan visast på dei fire utstillingane. sebastian@memoar.no
Videoopptak fra Mimrekvelden på BIS kommer.
12/9-24: Mimrekveld om migrasjon på Bergen Inkluderingssenter (BIS):
12. september arrangerte Memoar og BIS fortellerkveld i Folkoteket på det nye inkluderingssenteret på Landås. Etter ei kort innledning om prosjekt Migrasjonsminne, var ordet fritt for deling av personlige og slektshistoriske fortellinger om utvandring og innvandring. Vi fikk høre om gode oppvekstminner fra både Gambia, Skottland og Kongo, andre generasjons-fortellinger om å være både sudaneser og bergenser, ei tredjegenerasjons-fortelling om å vere etterkommer av den aller første innvandreren i Sveio - og opplevelser fra Bymuséet, der etterkommere fra norske utvandrere i enda seinere slektsledd har kommet i store mengder denne sommeren.
Prosjektleder for Migrasjonsminne, Sebastian Kaasa, sa at den store fortellingen om hvordan ut- og innvandring har forandret Norge gjennom de siste 200 år, består av mange tusen slike "små" fortellinger som var delte denne kvelden. Om gamlelandet, oppbruddet, reisa, møtet med det nye hjemlandet, integrering - og familiehistoriene etterpå. Det "hårete" prosjektmålet til Migrasjonsminne er å bygge opp ei stor samling slike fortellinger, dele dem digitalt - og bevare dem for framtidige generqasjoner.
7/9-24: Etiopisk "Hausttakkefest" på Fløyfjellet
Irreecha er ei årleg markering av at sommarsesongen er slutt, regntidaer over og grøda er berga. Tradisjonen skriv seg frå Oromia, den største regionen i Etiopia, men i dag vert Irreecha markert ei rekke stader rundt i verda der det bur oromoar. Seremonien i Bergen er dei siste åra lagt til Skomakerdiket på Fløyen. Sjå nærare intervju nedanfor, med Asnake Erko, leiaren av Waaqefanna-samfunnet i Bergen.
Sjå meir om korleis Oromo-kulturen har funne sin plass i Noreg i intervju med Asnake Erko
4/9-24: Vestland først ute med ambisiøse planer
Fjellkoret (Øygarden kommune) og Memoar har bestemt seg for å fortsette vellykka samarbeid i pilotperioden: Nå vil de ha med andre frivillige organisasjoner og kunstnere på et årlslangt samarbeid fram mot fire store arrangementer i september 2025 - et i nord, et i sør, et i indre og et i ytre Vestland. Det siste er allerede bestemt til Grieghallen i Bergen, søndag 21. september neste år. Hvert arrangement skal være heldags eller to-dagers, med utstilling, muntlig historie i ulike format, foredrag og kunstneriske innslag - før Fjellkoret topper arrangementet med en korforestilling der innholdet skal bygge på materiale samla inn gjennom Migrasjonsminne. Følg dette samarbeidet her
2/9-24: OPPSTART!
Sjølv om det alt har skjedd mykje på førebuingsstdiet, så var det mandag 2. september at prosjekt Migrasjonsminne starta opp for alvor. Då var prosjektleiaren på plass - og etter kvart skal også resten av teamet i gang med sine arbeidsfelt. Ingen har Migrasjonsminne på fulltid, men samanlagt blir det omlag to fulle "haustverk" med organisering og planlegging - og tidlegstart på intervjuopptak før jul.
Kontakt til prosjektleiar: sebastian@memoar.no
30/6-2024: "Kjerneteamet" i prosjekt Migrasjonsminne er på plass:
Desse fire vil stå i spissen for arbeidet - i tillegg trengst det store ressursar av frivillige. Det vil truleg også trengast fleire frilansarar til prosjektet.
Sebastian Kaasa er prosjektleiar. Han er frilans historikar og aktiv i Memoar. Han har vore sentral i utviklinga av prosjektet heilt frå dei fyrste idéane oppsto.
Irene Kinunda Afriyie er hovudansvarleg for innvandringshistorie. Ho er forfattar og arbeider også som samfunnskontakt i Fargespill.
Dane Lundberg er hovudansvarleg for utvandrarhistorie, Også han er frilans historikar. Utanom Memoar arbeider han blant annet som guide og foredragsholder.
Isabel Sandvik Shepherd er hovudansvarleg for involvering av born og unge. Ho er lektor i historie, og vil rydde plass til å kunne arbeide med Migrasjonsminne "på si".
TRE MILLIONAR FRÅ SPAREBANKSTIFTELSEN DNB!
I dag - 25. juni 2024 - fekk vi meldinga om at prosjektet får støtte. Det betyr lokale og tematiske prosjekt over heile landet frå august!
Det er ennå eit stykke fram til prosjektet er fullfinansiert, så økonomiarbeidet vil halde fram. Men med dette store handslaget frå Sparebankstiftelsen er det heilt klart at prosjektet vil bli gjennomført.
Mai: PILOTPROSJEKTET ER FERDIG
Mellom oktober 2023 og april 2024 har eit pilotprosjekt samla opptak av tre forteljarkveldar og 19 intervju om migrasjon. Partnarar i samrbeidet har vore Memoar, Fjellkoret, tre historielag og tre musé i Vestland. Målet har dels vore å teste ut metodikk for idéen om innsamling av migrasjonsminne, dels å samle råstoff som Fjellkoret skal plukke stoff frå når dei utviklar sitt korverk til utvandrarjubileet neste år.
Juni: PROFESJONALISERINGSKURS
I desse dagar går invitasjonar ut til dei mest aktive Memoar-medlemmene i Bergen og omland, om å perfeksjonere seg i arbeidet med å leie kurs, hjelpe til med innsamlingsprosjekt og gjennomføre intervjuopptak på profesjonelt nivå.
Vi vil gjerne ha kontakt med andre som har lyst å arbeide profesjonelt med minnesamling og munnleg historie. Bur du nær Bergen, kan du bli med på kurset som startar 8. juni. Bur du andre stader i landet må vi komme tilbake til organiseringa seinare i år.