KFUK-KFUM Voss driv sjølvsagt med meir enn husdrift! Me prøver å fylle huset vårt med så mykje aktivitet som mogleg, for vossingar i alle aldre, og du er hjarteleg velkomen til å vere med! Du finn oversikt over aktivitetene våre på facebooksidene til foreininga og på friskus
Vonheim open barnehage
For deg som er heime med born. Måndag og onsdag 9-15 i Vonheim, tur kvar torsdag, heile skuleåret. Du finn info på facebooksida til barnehagen
Supertysdag i Vonheim
For familiar i alle fasongar, tysdagar frå 15.45 - 16.45. Arrangerast i samarbeid med Kyrkja i Voss. Du finn info for føresette i denne facebookgruppa
Refleks Ten Sing
Ein raus og kreativ fellesskap for ungdom mellom 13 og 19 år. Kvar torsdag er det Ope hus med sosialisering, lekselesing, kakao og kos frå 14.30, med middag rundt langbord kl 16, før Refleks samlast til øving med kor, dans, drama, band, teknikk og matlaging i Vonheim kvar torsdag frå 18.00 – 21.00. I tillegg reiser me på turar, leirar, festival, lagar konsert og driv leiartrening. Les meir på infosida, eller ta ein kikk på Refleks sin instagram eller facebook-side
MILK-kurs
Ettårig leiarkurs for 10endeklassingar, oppstart i september. Les meir her
Bandkjellar
Øvingsrom og lydstudio som me skal sveive i gang aktivitet i!
Seinkveld
Mat, prat og påfyll for vaksne i alle variantar. Onsdagar 19.30 - 21.30 Følg med på facebook for datoar
HandY
Vaktmeisterarbeid, mat og prat for mannfolk, onsdagar 18 -21. Sjå facebookgruppa «handY» for datoer
Putl og Prat / Jolemesseverkstadskvelder
Onsdagar frå 18 - 21 frå midt i oktober til jolemessa. Triveleg samvær og jolemesseførebuingar
Voss Y’s Mens club
Tenesteklubb for vaksne karar. Møte onsdagar, sjå eige program
Hyttedugnad
Me treng fleire hender til å vere med på å vedlikehalde og sjå til hytta vår Vonhaug, som me leier ut til borne- og ungdomsgrupper på tur.
Me elskar når me samlar alle generasjoner til samlingar og arrangement. I løpet av året inviterer me til Vonheims-jolemessa, jolafest med nisse, jolatregang og andakt, dugnadar, Vonhaug-dugnad, arbeidsfellesskap, 17.mai-kafe, kveldsmat, basar, foredrag og fest. Følg med på facebook og på friskus!
Vil du dra i gang noko aktivitet? Strikkekvelder? Tweens-arbeid? Vaksen-kor? Salsa-kurs? Speidar? Det hadde vore stas - ta kontakt med dagleg leiar Ingrid!
KFUK-KFUM Voss er ein medlemsbasert foreining, og for kvar medlem me får står me litt sterkare. Du finn innmeldingsskjema her, eller ta kontakt med dagleg leiar Ingrid.